Ibsen omsett til 2020
Ny «dukkehjem»-versjon legg erkjenningsreisa til vår tid.
Dokkeheimen er ein opplyst liten arena denne gongen.
Foto: Øyvind Eide
Nationaltheatret / Torshovteateret
Henrik Ibsen:
Et dukkehjem
Tilrettelegging og regi: Mattis Herman Nyquist
Scenografi og lys: Øyvind Wangensteen
Komponist: Nils Martin Larsen
Dei største teaterklassikarane har gjerne både ei ytre handling, som vi smiler litt av i ettertid, og ei indre, som syner seg forbløffande eviggyldig. Når vi ser Mattis H. Nyquists Ibsen-variant på Torshovteateret, der personane snakkar og fører seg som unge menneske av i dag, vert vi først skeptiske, men snart overtydde.
Dialogane har med små uventa grep fått fornya tyding, og mann og kone-leiken, som først fortonar seg skrudd i moderne bunad, vert fort mest skremmande aktuell. Denne dokkeheimen er ikkje ei stove med stol, bord og dører, men to sirkelrunde element, golv og tak, i mjølkekvitt glas, ein opplyst liten arena.
I dette universet møter vi dei fem velkjende menneska som alle skal gjennom eit avgjerande vendepunkt i livet. Vi har ofte røynt at Ibsen-stykka vert låtteleggjorde og berre meir antikverte enn nokon gong når ein freistar å modernisere dei. Men denne gongen er det faktisk gjort på alvor, og då vert ekteskapskrisa mellom Nora (Mariann Hole) og Helmer (Nils Jørgen Kaalstad) meir engasjerande, og betre forståeleg frå ståstaden til båe, enn vi kan hugse å ha sett det før. Dokkeheimen på Torshov kan tyde på at ein endeleg er nær ved å knekkje koden: Ibsen i dag, på scenen.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Nationaltheatret / Torshovteateret
Henrik Ibsen:
Et dukkehjem
Tilrettelegging og regi: Mattis Herman Nyquist
Scenografi og lys: Øyvind Wangensteen
Komponist: Nils Martin Larsen
Dei største teaterklassikarane har gjerne både ei ytre handling, som vi smiler litt av i ettertid, og ei indre, som syner seg forbløffande eviggyldig. Når vi ser Mattis H. Nyquists Ibsen-variant på Torshovteateret, der personane snakkar og fører seg som unge menneske av i dag, vert vi først skeptiske, men snart overtydde.
Dialogane har med små uventa grep fått fornya tyding, og mann og kone-leiken, som først fortonar seg skrudd i moderne bunad, vert fort mest skremmande aktuell. Denne dokkeheimen er ikkje ei stove med stol, bord og dører, men to sirkelrunde element, golv og tak, i mjølkekvitt glas, ein opplyst liten arena.
I dette universet møter vi dei fem velkjende menneska som alle skal gjennom eit avgjerande vendepunkt i livet. Vi har ofte røynt at Ibsen-stykka vert låtteleggjorde og berre meir antikverte enn nokon gong når ein freistar å modernisere dei. Men denne gongen er det faktisk gjort på alvor, og då vert ekteskapskrisa mellom Nora (Mariann Hole) og Helmer (Nils Jørgen Kaalstad) meir engasjerande, og betre forståeleg frå ståstaden til båe, enn vi kan hugse å ha sett det før. Dokkeheimen på Torshov kan tyde på at ein endeleg er nær ved å knekkje koden: Ibsen i dag, på scenen.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Keith Jarrett har med seg bassisten Gary Peacock og trommeslagaren Paul Motian.
Foto: Anne Colavito / Arne Reimer / Jimmy Katz / ECM
Peiskos på første klasse
Keith Jarrett byr på fleire perler frå Deer Head Inn.
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement