Teater

Herleg jubileumsfeiring

Norsk oljehistorie på to timar, med humor og djupaste alvor.

Frå venstre Cato Skimten Storengen, Marianne Hetland, Ane Skumsvoll, Thomas Bye og Henrik Bjelland.
Frå venstre Cato Skimten Storengen, Marianne Hetland, Ane Skumsvoll, Thomas Bye og Henrik Bjelland.
Publisert

Det er 50 år sidan Statoil blei oppretta, og Haugesund Teater markerer jubileet på sitt vis. For å unngå nasjonal sjølvdyrking har dei bede dramatikaren Klas Abrahamsson frå det oljefattige Sverige om å levere eit kritisk sideblikk på ulike sider ved oljerikdommen og kva han har gjort med oss.

Første halvdel av framsyninga gir ei humoristisk framstilling av den tidlegaste oljehistoria, før vi fann olje på norsk kontinentalsokkel. Den delen er av ujamn kvalitet og kunne ha vore korta noko ned. Men stor speleglede, smittande entusiasme og høg sjarmfaktor, der især Ane Skumsvoll og Henrik Bjelland utmerker seg, gjer opp for mykje.

Etter pausen stikk Abrahamsson kniven i den norske oljesjela. Det skjer stadig med humor og satire, men er ofte så råkande at det kjennest. Nasjonalismen og sjølvgodheita får sitt, like så oppfatninga om at det vi produserer, er det reinaste i heile verda. Og den feite velstandsnordmannen med sine nye vaner og aukande krav til velstand blir avkledt. Men i den litt langdryge avslutninga syner oljegudinna at ho vil oss vel, vi får plass i den nye arka medan andre må møte undergangen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement