Teater
Heksejakt i tidlaust svev
Evigaktuell klassikar rører framleis, på sitt beste.
Nøkkelrollene er i gode hender, ikkje minst med Ingvild Holthe Bygdenes og Anders Baasmo som ekteparet Proctor, meiner Bent Kvalvik.
Foto: Lars Opstad
Arthur Millers historiske drama, fritt dikta etter verkelege hendingar i Salem i Massachusetts i 1692, kom på 50-talet som eit skarpt mottrekk til den politiske heksejakta, mccarthyismen, som ramma og skremde så mange. Hadde ein ikkje kome lenger enn at konspiratoriske massesuggesjonar skulle få vekse og leve like fritt som i mellomalderen?
Stykket Heksejakt handlar om religiøs suggesjon. Sterke personlegdomar utnyttar svake og nyttar djevelskremsel som maktmiddel – med svært lagnadssvangre konsekvensar. I utgangspunktet er det eit handfast, tradisjonelt drama med glasklåre rollefigurar og tid- og stadtilvisingar som er lette å stadfeste. I oppsetjinga på Oslo Nye Teater har ein ikkje røska mykje i originalteksten. Men i rollebesetning og visuelt uttrykk har ein flytta nokre brikker. Det fungerer på visse premissar, men ikkje på alle.
Den pantomimiske innramminga, der heile ensemblet i byrjing og slutt rører seg i ein slags meditativ dans, er fascinerande og gir ein truverdig transestemning, naturleg for stykket. Den mørkt effektive scenografien er òg i tråd med dette. Derimot er dei inkonsekvent tidlause kostyma, og den konsekvent moderne replikkføringa, distraherande – og får stundvis stykket til å sjangle mellom alvor og parodi. Særleg sjenerande er det når dei «dårlege» personane i stykket vert spela utan realistisk illusjon. Nokre av dei har både feil kjønn og openbert feil alder og utsjånad. Namn treng ikkje nemnast.
Når framsyninga likevel når fram, er det av di nøkkelrollene er i såpass gode hender. Vi vert gripne av Thea Lambrechts Vaulens utkropne Abigail Williams, Mari Dahl Sæter som den nedbrotne Mary og ikkje minst av Ingvild Holthe Bygdnes og Anders Baasmo som ekteparet Proctor, alle intenst overtydande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.