Teater

Gruppearbeid om ein tynn kopp te

Oslo Nye Teater kjem med aktuell kommentar; det vert slitsamt.

Åtte framande møtest i eit venterom på uviss tid.
Åtte framande møtest i eit venterom på uviss tid.
Publisert

Ein skal sjølvsagt helse velkommen alle tiltak frå kulturlivet som prøver å føle tida på pulsen. Vi ser at teatera gjer det, til dømes med Antipodene på Nationaltheatret og no Acrofobia på Oslo Nye Teater, to framsyningar som båe fokuserer på unnatakstilstand, altså nett det verda er i.

Acrofobia er likevel ikkje ein reelt sett dramatisk tekst. Det er ein collage av tekstar, blant anna av Inger Christensen, Inger Hagerup og Simon & Garfunkel, fordelte på åtte skodespelarar som ser ut til å vere i eit trøysteslaust venterom på ubestemt tid. Det kan lukte av Samuel Beckett, men liknar likevel ikkje på det.

Kva liknar det på? Verkeleg meiningsfylt teater liknar det diverre ikkje. Til det er både inntrykka og uttrykka for spreidde, og tekstane klarer aldri å halde ei samanhengande innhaldsmessig line. Forsøka på publikumsfriing verkar tafatte, men det skal seiast, stakkars skodespelarar, det er heller ikkje lett med så grisne salar som dei må spele for no.

Dei augneblinkane som fengslar i denne korte framsyninga, ein dryg time, er interessant nok dei kjappe stumme sekvensane, der mimikken og kroppsspråket hjå personane taler for seg sjølve.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement