Teater

God mann med vond historie

Kingsford Siayor kjem med eit sårt vitnesbyrd i sjølvbiografisk monoteater.

Kingsford Siayor har skrive og spelar historia om seg sjølv.
Kingsford Siayor har skrive og spelar historia om seg sjølv.
Publisert

Vi kjenner etter kvart ganske godt til den nye teatersjangeren «sjølvbiografisk monolog». Vi kan vel av og til få mistanke om at det er TV-mediet som har påverka teaterkulturen, med auka fokus på dokumentarisme i motsetnad til fiksjon. Men som regel er det ein profilert kjendis som byd på seg sjølv i denne typen teater.

På Torshovteateret er det denne gongen ein regulær skodespelar, Ghana-fødde Kingsford Siayor, som fortel historia si. Han har vore aktiv i norsk teater i ti år, men har likevel ikkje nokon kjendisstatus å flyte på. Det han har å fortelje, er derimot sterkare, og verre, enn det vi elles har sett av standupteater.

Når Kingsford Siayor presenterer seg sjølv og livet sitt, er han heile tida barn og mann samstundes, i ein kroppsleg leiken, vilter og vital forteljemåte, medan vi frå første stund veit han har ei sorg i bagasjen som han aldri heilt vil kunne sleppe fri frå. At ein person på ei scene fortel om ei fortid med familievald, og dei katastrofale følgjene det fekk for han sjølv og andre, er utfordrande for publikum, av di det truger grensene for kva vi kan godta som «teater». Dette har faktisk hendt, og det er den faktisk råka personen som står på scenen. Men skodespelaren – og mennesket – Kingsford Siayor held heile tida på ein verdig distanse mellom det private og det kunstnarlege, og slik klarer han òg å halde på merksemda og respekten vår i det rare grenselandet mellom røynd og skodespel.

Musikkbruken og eit uvanleg fascinerande lysdesign er òg gode medhjelparar til å halde oss på plass i denne tidsreisa og denne lagnaden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement