Fullt trøkk med seingotisk roman
Brontë-dramatiseringa har stor kraft, men saknar litt dynamikk.
Ravdeep Singh Bajwa i rolla som Heathcliff og Emma Bones i rolla som Catherine.
Foto: Jonathan Vivaas Kise
Riksteatret
Emily Brontë:
Stormfulle høyder
Regi og dramatisering: Rebekka Nilsson og Florian Hellwig
Scenografi/kostyme: Katja Ebbel
Komponist: Matthias Sigurdsson
Romanen Stormfulle høyder har i 175 år fengsla lesarar verda over med sitt underlege kjærleiksspetakkel og skildringar av egoistiske, usympatiske og til dels demoniske personar. Det er menneske vi vert fascinerte av, anten vi vil eller ikkje. Riksteatret reiser no med ein sceneversjon av første delen av romanen, som kan lesast som ei sjølvstendig historie.
Det er sjølvsagt umogleg, nærast, å gjenskape eit miljø av viltert, vêrhardt haug- og heilandskap på ei scene. I romanen er dette uregjerlege høglandet ein sjølvforklårande bakgrunn for sinn og åtferd. Riksteatret har valt eit moderne visuelt uttrykk ein kan assosiere til både westernfilm og sirkus, med outrerte kostyme, hattar og effektar. Skodespelarane vekslar mellom tradisjonelt spel og forteljarteater, i sistnemnde kategori går dei inn i eit ikkje-realistisk kroppsspråk i langsam kino.
I dette uttrykket vert Brontës forteljing faktisk retteleg stramt og logisk attfortald. Skodespelarane spelar ærleg, med ein imponerande energi, ikkje minst Emma Bones (Catherine) og Ravdeep Singh Bajwa (Heathcliff). Likevel gjer den høgspente regien sitt til at nokre av dei sentrale kjensleutbrota vert meir påståelege enn appellerande. Ragnhild Tysse som hustyendet Nelly er den som aller best formidlar den komplekse djupna i stoffet. Ho spelar – og fortel – så vi vert fjetra.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Riksteatret
Emily Brontë:
Stormfulle høyder
Regi og dramatisering: Rebekka Nilsson og Florian Hellwig
Scenografi/kostyme: Katja Ebbel
Komponist: Matthias Sigurdsson
Romanen Stormfulle høyder har i 175 år fengsla lesarar verda over med sitt underlege kjærleiksspetakkel og skildringar av egoistiske, usympatiske og til dels demoniske personar. Det er menneske vi vert fascinerte av, anten vi vil eller ikkje. Riksteatret reiser no med ein sceneversjon av første delen av romanen, som kan lesast som ei sjølvstendig historie.
Det er sjølvsagt umogleg, nærast, å gjenskape eit miljø av viltert, vêrhardt haug- og heilandskap på ei scene. I romanen er dette uregjerlege høglandet ein sjølvforklårande bakgrunn for sinn og åtferd. Riksteatret har valt eit moderne visuelt uttrykk ein kan assosiere til både westernfilm og sirkus, med outrerte kostyme, hattar og effektar. Skodespelarane vekslar mellom tradisjonelt spel og forteljarteater, i sistnemnde kategori går dei inn i eit ikkje-realistisk kroppsspråk i langsam kino.
I dette uttrykket vert Brontës forteljing faktisk retteleg stramt og logisk attfortald. Skodespelarane spelar ærleg, med ein imponerande energi, ikkje minst Emma Bones (Catherine) og Ravdeep Singh Bajwa (Heathcliff). Likevel gjer den høgspente regien sitt til at nokre av dei sentrale kjensleutbrota vert meir påståelege enn appellerande. Ragnhild Tysse som hustyendet Nelly er den som aller best formidlar den komplekse djupna i stoffet. Ho spelar – og fortel – så vi vert fjetra.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.