Flukt, draum og eventyr frå 2018
Nila og den store reisa er vakkert, om litt høgttravande barneteater med samtidsappell.
Framstillinga av bølgjer, hav og livet under vatn er direkte suggererande, skriv Bent Kvalvik.
Foto: Dag Jenssen
Det Norske Teatret
Maria Kjærgaard-
Sunesen:
Nila og den store reisa
Omsett av Ruth Lillegraven
Musikk: Anders Ortman
Regi: Maria Kjærgaard-
Sunessen
Scenografi: Mie Riis
Flyktningkrisa og den vedvarande verdsuroa verkar naturleg nok inn på det som for tida bli formidla av dei «skjønne kunster». Det gjeld både i musikk, litteratur, film og teater. Like naturleg er det at born er opptekne av korleis born i andre land og under andre samfunnstilhøve, lever og har det.
Tek scena med storm
Den danske dramatikaren og regissøren Maria Kjærgaard-Sunesen har saman med scenografen Mie Riis (også dansk) laga eit stykke om den fantasifulle jenta Nila. Saman med familien må tiåringen flykte frå ein krigstruga landsby, med det fredsæle, namngjetne Norden som endeleg mål. Det hender kritiske, dramatiske og vonde ting undervegs, men Nila styrkjer seg med eventyrfantasien sin. Det vi etter kvart får oppleve, er ei spanande krysning av realistisk båtflukt frå krig og elende, eit frodig univers av snakkande fuglar og fiskar og den farlege draken Morgana.
Scenografisk, koreografisk og musikalsk er framsyninga eventyrleg i ordets mest bokstavelege tyding. Ikkje minst framstillinga av bølgjer, hav og livet under vatn er direkte suggererande. Musikken, om ikkje nett med allsongpotensial, gjev også det heile eit stemningsløft som held høg puls gjennom heile stykket.
Uttrykksfullt
Songleg leverer dei uttrykksfullt og raffinert, både Kim Fairchild som mora, Gjertrud Jynge som draken Morgana og sjølvsagt den evnerike Catharina Vu i tittelrolla. Sistnemnde tek scena med storm og har publikum i si makt frå fyrste sekund. Både i plastikk og i personlegdom har ho alt som trengst i rolla.
Fin personleg varme strøymer også frå Emil Rodrigo Jørgensen som den nær druknande flyktningen Yasin, og frå Lasse Kolsrud som den lakoniske bestefaren. Ensemblet elles støttar opp framifrå.
Denne samtidskommenterande familieframsyninga har ingrediensar av eventyr frå mange hjørne av verda. Det rare er at det truleg er det dagsaktuelle, det røynlege, som vil nå lettast fram til dei yngste tilskodarane.
Tekstleg er det nok litt for mykje vaksenfilosofiske vendingar og avansert symbolbruk til at scene og sal kan kommunisere direkte. I ein slik samanheng vert det aldri rådspørjing til salen – og ingen engasjerte tilrop frå dei unge som sit rundt oss. Enkelte ungar vil nok sakne nett dette. Men det er neppe nokon som vil angre på at dei tok turen.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.