Filosofjols til fjells
Bandet mellom natur og tanke vert handsama i artig teaterleik.
Frode Winther lagar det beste portrettet av Arne Næss, meiner Bent Kvalvik.
Foto: Det Norske Teatret
Det Norske
Teatret, Scene 3
Ludvig Uhlbors:
Arne Næss og fjellets løyndom
Regi: Ludvig Uhlbors
Scenografi og lysdesign:
Hanna Sjöstrand
I utgangspunktet skulle ein ikkje tru at ein filosof og dei særskilde ideane hans kunne vere noko opplagt dramatisk grunnmateriale. Rett nok har vi sett Toralv Maurstad gjere Sokrates’ forsvarstale som monodrama, med god effekt, men ei einmannsframsyning er da heller ikkje heilt ut eit skodespel. Det er derimot Ludvig Uhlbors’ pussige filosofistykke, som i førre veka hadde uoffisiell premiere for oss meldarar og nokre få andre inviterte.
Fem kloningar
Eit klassisk drama à la Ibsen er dette sjølvsagt ikkje. Her er ikkje noka klår lineær handling, og skodespelarane speler heller ikkje ein person kvar.
I ein scenografi som inneheld ein stor bakskjerm og tre gardintrapper (les fjelltoppar og fjellsider), kjem dei inn som fem Arne Næss-kloningar, Øyvin Berven, Frode Winther, Andreas Kvisgaard, Ellen Birgitte Winther og Hilde Olausson, likt kostymerte og med fakter, mimikk og replikk modellert etter originalen. Etter kvart går dei skiftevis ut av Næss-rolla, men ein av dei er likevel alltid han.
Leiken grunntone
Ein skal nok halde tunga rett i munnen for heile tida få med seg kvar han er, og trass i alt er det no Frode Winther som gjer den beste portretteringa. Men undervegs får vi faktisk ei både rørande, morosam og tankevekkjande reise på kryss og tvers gjennom Arne Næss’ liv og funderingane hans.
Arne Næss var som vi veit filosof og fjellklatrar. Hans eigenskapte filosofi, djupøkologien, hadde utgangspunkt i at alt liv og alle naturobjekt hadde eigenverdi, på lik line med mennesket. (Kvifor tykkjer folk det er så rart at eg kallar Hallingskarvet for far min? Sitat slutt.) Det er såleis ingen unaturleg ting å kjærteikne eit tre eller snakke til eit fjell. På det grunnlaget var det òg rimeleg at filosofen vart oppteken av miljø- og fredssak.
Den leikne og tankeutforskande grunntonen i teaterstykket til Uhlbors harmonerer såleis med mannen som vert skildra. Og nett av di framsyninga har ein lett, humoristisk overbygning, kjem det stillfarne alvoret i tekstutdraga fram som små perler i grusen.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.