Teater

Fengslande Pan-mystikk

Vakker Hamsun-dramatisering femnar røynd og draum i ei tidlaus verd.

Framsyninga har roleg, eggjande koreografi, og ikkje minst musikk, skriv Bent Kvalvik.
Framsyninga har roleg, eggjande koreografi, og ikkje minst musikk, skriv Bent Kvalvik.
Publisert

Knut Hamsuns poetiske og løyndomsfulle roman Pan er ikkje eigentleg så handlingsspekka, men det er stemningar og karakterar her som høgst forståeleg kallar på regissørar og skodespelarar. Det er dristig å gå laus på eit verk som i utgangspunktet appellerer så sterkt til ei eiga meddikting. Men multikunstnaren Arne Nøst tør. Dette er òg det siste eigenprosjektet hans etter ni år som sjef på Rogaland Teater.

Draumeverd

Alt i 2008 laga Nøst teater av Pan på Hålogaland Teater, i Yngve Sundvors dramatisering. Framsyninga i Stavanger har det same grunnrisset dramaturgisk og visuelt, men har samstundes fått eit mjukare, meir sensuelt uttrykk. Scenerommet er dominert av ei stor mangearma vippe med armar som kan bøyast opp og ned. Det gir ein indirekte, trolsk dobbelvisualisering av både stad og sinnsstemning. Og i dette universet, der òg storskjønne naturbilete i rørsle skin over bakscenen, møter vi den underlege, rastlause løytnant Glahn, som under ein lang jaktferie i Nordland både lèt seg fange inn i skogsmystikkens draumeverd og forelskar seg forsvarslaust i den lunefulle Edvarda. Alt det paradoksale forelska menneske kan gjere og seie mot og til kvarandre, kjem her som ei uslipen perlerad mot oss, og vi synest det er absurd, men vi skjøner det på eit underleg sett likevel.

Stilisert

Framsyninga er elles stilisert, her er ikkje mange kommodar og kaffikoppar, men overgangane i forteljinga mellom draum og røynd vert løyste med roleg, eggjande koreografi, og ikkje minst musikk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement