JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Familiehelvete i fugleperspektiv

Teatermakarduoen Goksøyr & Martens treffer framleis blink med «reality»-teater.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Publikum vert vitne til eit opprivande familieoppgjer i stykket til Toril Goksøyr og Camilla Martens.

Foto: Kim Hiorthøy

2761
20220610
2761
20220610

Det Norske Teatret

Toril Goksøyr og
Camilla Martens:

Bror

Regi: Goksøyr & Martens
Scenografi og kostyme: Olav Myrtvedt
Lyddesign: Sigrun Merete Mongstad
Lysdesign: Ingeborg Staxrud Olerud
Dramaturg: Anders Hasmo

Dei to teatermakarane Toril Goksøyr og Camilla Martens har dei siste åra gjeve oss teatrale nærbilete av ålmenne livssituasjonar og livsfasar, lett identifiserbare konfliktar, og dei har gjort det med til dels frapperande overtydingskraft. Dei har sine spesielle forteljeteknikkar, som vi etter kvart byrjar å kjenne, men det kjennest likevel ikkje som om dei spelar same plata opp att. Dei har ein eigen stil.

Framsyninga Bror, som dei no spelar på Det Norske Teatret, er tredelt og kombinerer for så vidt fleire av presentasjonsformene til duoen. Fyrste del er eit såkalla vandreteater, der vi tilskodarane vert utstyrte med hovudsett og går ein rusletur ned Rosenkrantz’ gate til Honnørbrygga og opp att, og med ei høyrespelakt på øyret som heile tida fortel kvar vi skal gå, og kva tid vi skal stogge.

Deretter vert vi viste inn til hovudscena på Det Norske Teatret, for høvet ombygd til ein stillasscene, der vi sit høgt på strå og ser på ei teaterhending i fugleperspektiv, framleis med lyd på øyret. Her får vi først akt 2, eit lite, neorealistisk myldredrama, plassert på ein sjukeheim, der mange ting går føre seg samstundes. Og til slutt, etter eit elegant sceneskifte, er vi i ein familieheim der skodespelmodellen er nærare eit tradisjonelt realistisk drama.

Den raude tråden i det heile er historia om ein ung mann som har hamna i ei livskrise utan synleg naudutgang. Han har køyrt seg på rumpa med den personlege økonomien, er skild og har ein tiåring han ikkje har høve til å stille sømeleg opp for. Han har eit traumatisert tilhøve til foreldre og søsken og til eksen.

Etter som stykket skrid fram, synest familietilhøva å vere så dysfunksjonelle at vi ser stendig klårare vegen som har gått mot stupet. Ingenting tyder på at det her har vore vald, alkoholmisbruk eller konkret omsorgssvikt. Men dei vaksne borna i familien synest ikkje dei har fått den merksemda dei trong. («Trudde du vi hadde det bra, mor, berre for at vi ikkje klaga?»)

Ensemblet, med mellom andre Oddgeir Thune som bror og Agnes Kittelsen, Julie Moe Sandø og Maren Johanne Olufsen som systrer, for ikkje å gløyme Marianne Krogh som mor og Casper Falck-Løvås som tiåringen, alle gjer dei ein stram og intens innsats i ein leverapport som i større eller mindre grad kunne handle om dei fleste av oss. Kan hende alle.

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Den raude tråden er ung mann som har hamna i ei livskrise.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Etter valet i 2016 blei det vanleg å seie at Trump vann fordi folk hadde oversett kjenslene til den kvite arbeiderklassa. Er biletet eit anna i denne omgangen?

Foto: Dustin Chambers / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Overkorrigeringa

NEW YORK: Mark Lilla fekk enorm merksemd for sin diagnose av presidentvalet i USA i 2016. Eg oppsøker han for å få oppdaterte psykologiseringar av den amerikanske folkesjela anno 2024.

Ida Lødemel Tvedt

Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Eit spørsmål om kontroll

I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?

Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.

Foto: Samlaget

BokMeldingar
ArildBye

Ein av oss

Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.

Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.

Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB

IntervjuSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nato-toppen som sa det han tenkte

Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.

Feature

Greske byggjeklossar

Eg dreg til Kreta og lærer om skilnaden på tyske og britiske turistar.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis