Er Nina Lykke satirikar?
Den skarpe livsstilsromanen vert merkeleg klisjéaktig teater, trass i flotte prestasjonar.
Mari Hauge Einbu, Ingunn Øyen og Anders Mordal i framsyninga på Riksteatret.
Foto: Erika Hebbert
Riksteatret
Nina Lykke:
Nei og atter nei
Dramatisert av Liv Heløe
Regi: Maren E. Bjørseth
Scenografi: Signe Gerda Landfald
Forfattaren Nina Lykke er for tida ein av våre mest lesne og populære novelle- og romanmakarar. På finurleg vis verkar det som ho har knekt koden med omsyn til å skildre det velfødde Velferds-Noreg og oss individa som lever her. Ho er morosam, men ho har sjølv hevda bestemt at historiene hennar slett ikkje er meinte som parodi eller satire. Ho skriv om menneske og samfunnet av i dag slik ho opplever at det faktisk er.
Styrken hennar er, naturleg nok, sjølve den personlege forteljarrøysta. Ho høyrer naturleg heime mellom permane og berre der. Likevel grip teaterfolk etter ho, truleg på grunn av dei spanande personskildringane. Desse skildringane er svært markante i romanen Nei og atter nei. Og no går teaterversjonen av denne på Riksteatret.
Stram teatertekst
Liv Heløe, som har dramatisert romanen, har snikra ein stram teatertekst med ein god logisk flyt. At dei tre ulike synsvinklane i boka ikkje får like jamn kraft på scenen, er truleg ikkje Heløe si skuld. I boka skifter fokuset frå kapittel til kapittel mellom mannen, kona og «elskarinna». Dei tre framifrå skodespelarane Ingunn Øyen, Anders Mordal og Mari Hauge Einbu gjer i mange sekvensar uttrykksfulle teikn på personar i livskrise.
Det er til dømes fascinerande å sjå Øyens imploderande reaksjonar når den trygge kvardagsrutinen rivnar, og likeins treffande er Mordals terapiutgytingar som går over i «jibberish» (tullespråk). Men sidan dei alle tre i tillegg til å framstille hovudpersonane også skal spele meir eller mindre karikerte bipersonar, tappar det ut ein del av krafta i kjernekonflikten.
Profesjonelt
Nina Lykke sin opphavlege beiske tragikomikk er dermed i ferd med å forsvinne i ein slags parodisk standupkomedie. Stykket i seg sjølv vert i det heile meir som eit konvensjonelt ekteskaps- og skilsmissedrama, og det er jo ein svært velprøvd sjanger som det skal noko til å overraske oss med. Saka er jo den at Lykke greier å overraske oss, sjølv når ho fortel tilsynelatande banale ting. Nett på det området er ho mest som Anne-Cath. Vestly, utan samanlikning elles.
Maren E. Bjørsets regi er tydeleg og konsekvent tenkt, og Signe Gerda Landfalds svale gardinscenografi eit fint hint til våre dagars kule trong til minimalisme. Det heile er profesjonelt til fingerspissane, men sidan dette Nei og atter nei heller meir mot satiren enn mot djupna, sit vi etter kvart og er meir imponerte enn engasjerte.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.