Teater
Er frua frå havet?
Denne Ibsen-vrien har lett moderne anslag, men avslører forelda levekår.
Jan Gunnar Røise (t.v.), Marian Saastad Ottesen, Fridtjov Såheim og Kim S. Falck- Jørgensen i ei scene frå Ibsen-stykket.
Foto: Øyvind Eide
I Fruen fra havet er det sagt at Henrik Ibsen føregreip Freud i skildringa av korleis lengst fortidige hendingar kan klamre seg til lagnaden vår og prege resten av livet vårt. Stykket er sånn sett heilt tidlaust. Men det er òg sett i ei tid da ekteskap og tilhøve mellom foreldre og born var ganske annleis enn no. Det er stykket prega av. Sånn sett er det ikkje tidlaust.
I Trine Wiggens stramme og effektive versjon av Fruen fra havet er det lagt opp til ein ganske slentrande, moderne spelestil. For nokre av rollefigurane er det kledeleg, ikkje minst dei unge: doktor Wangels’ to døtrer og den livsfjerne, unge kunstnaren Lyngstrand. Særleg har Hanna-Maria Grønneberg som eldstedottera Bolette funne eit uttrykk som er både Ibsen-klassisk og heilt av i dag. Den problematiserte Ellida Wangel vert for så vidt spelt med fin psykologisk teft av Mariann Saastad Ottesen. Men denne Ellida er for moderne og medviten til å vere plassert i eit paternalistisk ekteskap, og det er eigentleg mannen hennar (Frithjof Saaheim) òg. Til og med den sympatiske lærar Arnholm (Jan Gunnar Røise) vert i si notidige åtferd mest absurd i den faderlege frieriscena med Bolette.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.