Teater

Er det forfallsdato på musikalar?

Andrew Lloyd Webber-stykket har ry som nyklassikar, men det verkar datert.

Charlotte Brænna er åleine på scena.
Charlotte Brænna er åleine på scena.
Publisert

Vi er sjølvsagt sveltefora på teater for tida, iallfall i Oslo, og det brått varme vårvêret får heller skine for seg sjølv når vi får servert Oslo-premiere på ein Andrew Lloyd Webber-musikal. Tell me on a Sunday er ein minimusikal, ein einaktar med berre éin person på scena, og med eit musikkfundament som ikkje krev stort orkester.

For å seie det kort og greitt handlar det om ei ung kvinne som prøver å finne både kjærleik og karriere, fortrinnsvis i showbusiness. Vi får ikkje sjå henne gå mot nokon tydeleg suksess på korkje det eine eller det andre området, men ho går like fullt ut av stykket med ukueleg optimisme.

Høyrest det banalt ut? I så fall er det kan hende nett det det er. Men nei da, vi forlangar ikkje at alt teater, og slett ikkje alle musikalar, skal vere revolusjonært tankevekkande eller nyskapande i forma. Det er berre det at... I denne oppsetjinga av den no nær 40 år gamle musikalen hadde vi nok likevel venta eit sterkare trykk, både musikalsk og innhaldsmessig. Kva det er som har gjort dette sujettet så attraktivt for musikaldivaer i tiår etter tiår, det forblir litt i skodda.

Vital

Det er ikkje noko å utsetje på den vitale, flotte Charlotte Brænna. Ho er 100 prosent til stades og yter både tekst og musikk full rettferd. Problemet ligg truleg meir i dette at vi lever i ei tid der kultur og levemåte endrar seg fortare enn musikk- og teatersjangrane gjer det.

Den typen musikalballadar som Lloyd-Webber står for, var nok fornyande på 70-talet, men dei verkar faktisk loslitne i dag. (Kan hende dei er meir interessante att om 25 år?) Draumane og konfliktane til denne omhandla kvinna verkar òg antikverte etter alle kjønnsrolleomveltingane den vestlege verda har gjennomgått. Ikkje for det, kvinne- og kjønnskamp er framleis naudsynt, men ikkje som på 70- og 80-talet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement