Teater

Enkelt, men finurleg

Ein stillferdig lyrikkabaret som er smilande og sårbar.

Gisken Armand, Ellen Horn og Henriette Marø tilfører orda både tyngde og smil.
Gisken Armand, Ellen Horn og Henriette Marø tilfører orda både tyngde og smil.
Publisert

Den polske nobelprisvinnaren Wislawa Szymborska er vel enno ikkje folkelesnad i Noreg, men poesien hennar, lun, skjør og vittig som han er, er absolutt folkeleg, med mange slektskapstrekk med danske Piet Hein og vår eigen Prøysen, mellom andre. Om ikkje alle visdomsorda hennar er sogne or hennar eige bryst, set ho like fullt sin eigen lure spiss på dei, så dei får ein ny columbi egg-effekt.

Aktiv skribent

Wislawa Szymborska (1923–2012) var aktiv som skribent i Polen heilt frå 1945 og til kort tid før ho døydde. Under kommunistregimet var ho journalist i den underjordiske pressa. Livet i eit land med omveltingar og usikker framtid set sjølvsagt preg på folk, på kunstnarar og det dei leverer. Og det er i undringa over kor uføreseieleg livet er, og samstundes så rikt på nye sjansar, vi kan la oss fange inn i dei vare og djupe refleksjonane hennar.

Den timelange framsyninga Nationaltheatret har laga over Szymborskas lyrikk har ikkje mykje dramaturgisk fiksfakseri. Tre skodespelarar, Gisken Armand, Ellen Horn og Henriette Marø, kjem inn og seier hei til publikum og fortel kort om kva det er dei skal presentere. Scenebiletet ymtar om eit husvære, med nokre møblar, ein skrivemaskin og ei uoppreidd seng. På gjennomsiktige faner vert illustrerande bilete og foto viste.

Ingen av ei tre kvinnene gjev seg ut på noka melodramatisk innleving i dikta, men dei klarer alle å tilføre orda både tyngde og smil.

Kjærleik og vennskap

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement