Teater
Energisk, kreativ – og litt overlest
Songen og musikken held liv i ei noko komplisert oppsetjing.
Kristoffer Olsen spelar Mackie Kniven.
Foto: Det Norske Teatret
Den sviande samtidssatiren Brecht la fram med Tolvskillingsoperaen i 1928, eit lyskespark til kynisk kapitalisme og urettferd, har vore vanskeleg å halde like brennande i vår tid. Dette kjem sjølvsagt av at stykket og har vorte ein elska musikal.
Kor utfordrande kan ein klassisk musikal vere? Den originale teatermannen Tore Vagn Lid har kome eit godt stykke på veg med sin aktualiserte versjon, ein dagsaktuell dystopi med bruk av videodesign, dokker, robotar og diverse kontemporære hint. Det er fascinerande og held heilt klårt merksemda oppe.
Det blir derimot aldri heilt skodespelarane sin kveld, trass i at dei syng som englar. Når utsjånad og alder på dei fleste aktørane blir uvesentleg, blir dei òg anonymiserte, og handlinga blir meir forvirrande enn konsentrert.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.