Teater
Elsk meg, elles vert det juling!
Bittert, men morosamt om fåfengd kjærleik.
Ingvild Holthe Bygdenes og Anders Mordal har hovudrollene i stykket. Henriette Faye-Schøll og Anne Guri Tvedt er veninner av rollefiguren Ester Nilsson.
Foto: Mats Bäcker
«Plaisir d’amour ne dure qu’un moment ...» Kjærleiksgleda varer eit sekund. Den gamle franske visa er romantisk og kynisk. Det er òg Lena Anderssons historie. Romanen var ein snakkis, no har vi teaterversjonen. Løyndomen her er vel at han endar kvardagsleg, flatt. Ikkje lukkeleg, ikkje tragisk. Det aner vi straks. Og det kjenner vi att.
Skribenten Ester held foredrag om kunstnaren Hugo – og møter han. Ho vert stupforelska, han er mest trylt av at ho finn han interessant. Det går ikkje bra. Startstrategiane med kvasiintellektuelle dialogar er fine, og det er med skrekkblanda fryd vi fylgjer Esters desperate von om at fyren er glad i ho. Det er komisk – og heilt forferdeleg.
Ingvild Holthe Bygdnes og Anders Mordal er båe storarta. Her blir det veksla mellom teater og metateater, brått med kommentarar rett mot publikum, men vi er heile tida til stades mellom dei. Henriette Faye-Schøll og Anne Guri Tvedt er to venninner som òg kan vere røyster i hovudet til Ester, ikkje ulikt koret i greske tragediar. Dei kjem med jordnære kommentarar og gir framsyninga eit utvida liv. Dei går òg inn i andre biroller i livet til Ester. Dei gjer det bra, men desse karakterane hadde fortent eige liv på scenen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.