Teater
Eit rulleskøytelivsløp på ein time
Kari-Ann Grønsund fortel med smil om eit liv med tøffe tak.
Kari-Ann Grønsund har Tove Kragset som musikalsk følgje på scena.
Foto: Bård Gundersen
Teatersjangeren «sjølvbiografisk standup» breier stendig om seg på norske scener, og no byrjar vi å bli fortrulege med at dette er ein etablert del av repertoaret. Sjangeren har nok kome av di medieinntrykka i dag er så mange og teateret synest det må finne ein plass i dette direkte, rett-på-klimaet som tradisjonelt sett er teateret fjernt, iallfall om ein tenkjer på teater som fiksjon, ein arena for å representere noko anna enn seg sjølv. Utfordringa er sjølvsagt at dette er eit grenseland mellom fiksjon og dokumentar. Det som vert fortalt, gjev seg ut for å vere sant, men like fullt er det ei regissert framsyning, planlagd i minste detalj og spela etter same lest kvar kveld.
Den likande skodespelaren Kari-Ann Grønsund har vore ein del av andletet til Oslo Nye Teater i nær 45 år. Nett av di Oslo Nye Teater er eit komedieteater, er det naturleg at vi assosierer henne med muntre, trivelege rollefigurar. Når ho no i si eiga personlege form kan fortelje at livet hennar ikkje alltid har gått på skjener, men tidvis har innehalde både påkjenningar og overraskingar av eventyrleg art, er det ikkje vanskeleg å ta henne på alvor, både i teatral og menneskeleg forstand. Det intime spelelokalet Teaterkjeller’n gir ikkje mykje rom for å skjule seg bak opplagde klisjear, og Grønsund meistrar vakkert å halde både ein profesjonell kontroll over «showet» – og å vere ekte, autentisk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.