Eit individ blant seks millionar
Lyrisk-musikalsk monoteater varmar trass i det tragiske.
Anitra Terese Eriksen spelar rolla som den unge Ruth.
Foto: Marius Næss
AKÅ Produksjoner
Anne-Karen Hytten:
Ruth Maiers dagbok – en trestemt monolog
Regi: Anne Karen Hytten
Scenografi: Christine Lohre
Produsent: Hilde Grythe
Mykje på grunn av Jan Erik Volds vørdnad og interesse for lyrikarkollegaen Gunvor Hofmo (1921–1995) har vi òg vorte klare over lagnaden til kjærasten hennar, den jødisk-austerrikske flyktningen Ruth Maier. Dei to evnerike kvinnene fekk to år i lag i Noreg. Så vart Ruth Maier arrestert og send med lasteskipet «Donau» til Auschwitz, som ein av 529 jødar. Ho kom ikkje att. Dette hende 26. november 1942.
80-årsmarkering
Jødisk Museum i Oslo markerte 80-årsdagen for hendinga siste helga i november. Sundagskvelden denne helga kunne museet presentere premieren på ei teaterframsyning, hovudsakleg bygd på Ruth Maiers dagbøker, som i stor mon vart redda og bevarte etter Gunvor Hofmos død. Ho hadde gøymt på dei.
Over ein tiårsperiode, frå tidleg på trettitalet til byrjinga av krigen, får vi via skodespelar Anitra Terese Eriksen følgje ei reise med ei kreativ, glad ungjente full av framtidsplanar og kunstnardraumar, uforferda trass i tøffe tider, der ho må forlate heimlandet og dra til Noreg og ei høgst usikker framtid. Møtet med Gunvor mognar henne og styrkjer sjølvkjensla hennar, endå om Gunvor ikkje er eit lett menneske å leve saman med. Noko tyder på at dette berre gjer Ruth endå sterkare.
Ettertenksamt
Anitra Terese Eriksen går med smilande glød inn i rolla som den unge Ruth, slik ho framstår av dagboknotata, og i kommenterande mellomstikk gjev ho dempa, ettertenksame uttrykk for tragedien bakom det heile. Her får vi også nydeleg formidla nokre av dei finaste verselinene til Hofmo, skrivne av eit menneske som berre så altfor sterkt vart merkt av krigen. Georg Reiss på klarinett bidreg med atmosfærisk illustrerande tonefølgje, det svingar verkeleg mellom skodespelar og musikar.
Framsyninga skal spelast om att på Jødisk Museum 22. januar og skal sidan på skuleturné. Vi får vone dei får spele lenge.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.