Teater
Ein flopp som kunne vore viktig
Ei nødvendig utlufting som likevel ikkje stogga gemytta. Snarare tvert om.
Konferansierane Zahid Ali og Shabana Rehman saman med Morten Traavik.
Skjermdump
Etter eit år med utskjelling frå kulturlivet fekk framsyninga Sløserikommisjonen, som ingen av utskjellarane hadde sett, urpremiere i Bergen. Det blei ei sær teateroppleving utan struktur og rammeverk, utan logisk progresjon og klar retning. Det beste som kan seiast om denne uferdige performancen, er at han var «demokratisk» i den forstand at røyster og motrøyster heile tida fekk komme til orde.
Som konferansierar hadde Shabana Rehman og Zahid Ali den utakksame oppgåva med å halde saman noko som ikkje lét seg halde saman. Dei gjorde ein heroisk innsats, men det var ikkje nok.
Statleg sløseri
Utgangspunkt for det altfor lange showet er Facebook-kontoen Sløseriombudsmannen, som i sju år har kritisert det bakmannen ser som sløseri med staten sine pengar, især til kulturføremål. Inntil for få månader sidan gøymde Are Søberg, hedgefondforvaltar og mangemillionær, seg bak anonymitet, ein ynkeleg positur for ein som vil vere samfunnsrefsar. Men det betyr ikkje at kritikk av den offentlege pengebruken ikkje er rettkommen. Ei slik overvaking treng alle delar av samfunnet, kultursektoren ikkje minst. Men då skal ikkje kritikken basere seg på det refsaren ikkje skjønar.
Mange i kulturlivet meiner seg hetsa og forfølgde av dette ombodet. Men det verkar som dei ikkje alltid klarar å skilje mellom kritikken frå Søberg og den flaumen av kloakk han har kvervla opp i kommentarfelta. Slikt blir fleire samfunnsgrupper utsette for. Heile tida. Her står likevel kulturutøvarane i ei særstilling, som mange ikkje vil ta innover seg. For dei har lisens til å kritisere alle sider av det som skjer i samfunnet. Men denne retten tilseier at kulturlivets aktørar også skal tole meir kritikk enn dei fleste av oss – så lenge det ikkje går på person.
Derfor er det så trist å sjå lista av kulturlivets representantar som har nekta å stille opp i denne framsyninga. Dei og kulturen er nemleg taparane i dette spelet. Dei fekk ein scene å møte kritikken på, men heldt kjeft. At kulturrådstilsette av habilitetsgrunnar sa nei, kan eg til nød forstå. Men då skulle sjefen sjølv, Kristin Danielsen, stått fram og forsvart både dei som fordeler den offentlege støtta, og prosjekta som får pengar. At dei som har sett godkjentstempel på prosjekta, held seg borte, er teikn på veikskap. Når andre del av framsyninga blir vist i Drammen 22. juni, har direktøren kanskje fått tenkt seg om.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.