Teater
Ein Beckett-avleggar, men kva så?
Blandinga av standup og skodespel vert ein vanskeleg bastard.
Ine Jansen, Linn Skåber og Mattis Seeberg-Lund på scena.Ine Jansen, Linn Skåber og Mattis Seeberg-Lund på scena.
Foto: Erika HebbertFoto: Erika Hebbert
Nationaltheatret, Kanonhallen
Det første vi får sjå frå Nationaltheatret i 2022 er eit nyskrive stykke av Linn Skåber, skrive for henne og kollega og venninne Ine Jansen. Det er ein tekst som er vorten til som følge av at dei diverre (?) ikkje kunne få spele dei to mannlege hovudrollene i Mens vi ventar på Godot.
Det gjer dei to eit stort poeng av i byrjinga av stykket, og vi aner den etter kvart velkjende strukturen, der vi skal overtydast om at dei på scena fortel ope om seg sjølv. På riktig. Så spørst det kor mykje vi skal tru på dei.
Subtile dialogar
Etter kvart vert dialogane mellom dei to såpass subtile at vi etter kvart venner oss til at dette er eit skodespel, sjølv om dei framleis kallar kvarandre Linn og Ine. Dei utfordrar kvarandre med hjartesukk og frustrerte utblåsingar om saker og ting dei er opptekne av – og dritleie av – der dei per no er i livet sitt. Men poenga og utageringa minner mistenkeleg mykje om det som gjerne vert presentert i eit standard norsk standupshow.
I motsetnad til stykket dei eigentleg ville spele, har ikkje desse skodespelarane den imploderande resignasjonen som personane har hjå Beckett. Dei er fulle av f... Nokre hint til originalstykket er her likevel. Det mest markante er barnet som kjem inn midt i stykket for overbringe ei melding.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.