Teater
Egget som forsvann
Ein munter, moderne variant av eventyrformelen dreg ut på vegen.
Eirin Schou Fævelen, Henrik Bjelland, Ragnhild Gravem og Hans Norman Røine leikar seg gjennom eggeeventyret.
Foto: Erika Hebbert
Det er underleg kor sterk og levedyktig han er, denne tradisjonen med å fortelje om dyr som må pusle med tidlause menneskelege problem og konfliktar. Æsop er kan hende den eldste fabelforteljaren vi kjenner i så måte, men jammen er han trufast følgt opp, stikkord er Ole Brumm og Klatremus.
Riksteatret dreg no ut med eit splitter nytt barnestykke. Det er ei kort og effektiv sak om dyr som nærmar seg kvarandre, trass byrjarskepsis, idet dei får eit felles ansvar og dermed oppdagar meir av livet og verda. Sånn, der var det sagt. Det var tolkinga til denne meldaren. Korleis ungane tolkar det, er ikkje godt å vite. Ein vaksen åskodar vil heller aldri fullt ut kunne vite kva som er funksjonelt barneteater, i alle høve ikkje på ei pressesyning utan born til stades.
Eggjakt
Men stykket handlar altså om ei høne, som etter ein liten rugepause ser at det nyverpa egget hennar er borte. Ho får då uventa kompaniskap med ein snill og litt engsteleg rev på jakta etter det forsvunne egget. Dei flyg av garde i eit fly som høna har bygt sjølv, og leiter verda rundt.
Dei møter både ein struts, ein pingvin, ein krokodille og egg av mange slag, til og med luseegg. Men egget til høna søker dei fåfengt etter, heilt til dei endeleg møter ein ung liten hane. Aha!! Lukka og deg sjølv kan du leite verda rundt etter, men du finn henne vanlegvis til slutt når du kjem heim att. Snipp, snapp.
Assosiasjonsevne
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.