Teater
Effektiv, men litt flat Oslo-historikk
Christensens retrospektiv på etterkrigs-Oslo vantar koloritt.
Bobo Solan Hedin og Mari Hauge Einbu på scena.
Foto: Lars Opstad
Lars Saabye Christensens sujett Byens spor hadde utgangspunkt i gamle protokollar frå Fagerborg Røde Kors. Ved å lese dei kunne forfattaren spinne historier rundt eit persongalleri ein her kunne lese om mellom linene.
Når Oslo Nye Teater no har teke første bandet av denne bokserien til scena, har dei fått med eit nennsamt riss av den mangslungne grupperomanen. Men ei historie som er så pass knytt til konkrete ting og hendingar, er vanskeleg å få heilt overtydande når scenebiletet og rekvisittane er stiliserte, og når skodespelarane speler fleire roller – og berre delvis illuderer som typar.
Scenografien er elegant i sitt funkisliknande rektangellandskap. Kostyme og frisyrar verkar tidsriktige. Skodespelarane er oppriktige, men den som får mest utteljing for innsatsen, er vesle Bobo Solan Hedin som den «vanskelege» guten Jesper, ein merkeleg observatør i vaksenverda. Der resten av persongalleriet mest nærmar seg teikneserie, står denne karakteren som eit lite lys, både i replikk og kroppsspråk, imponerande levert av eit så pass ungt menneske.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.