Dystre teikn i fortida – og no?
Tidsbilete frå føydalt 30-talssamfunn gir nifs peikar til i dag.
Robert Skjærstad i rolla som fabrikkeigaren. Tom Styve spelar den undertrykte Sven.
Gisle Bjørneby
Teater Innlandet
Dennis Magnusson:
Den enfoldige morderen
Fritt etter Hans Alfredssons bok En ond man og film Den enfaldiga mördaren
Omsett av Ragnar Olsen
Regi: Petter Næss
Scenografi: Dagny Drage Kleiva
Då den populære Hans Alfredsson, halvparten av film- og revyduoen Hasse og Tage, kom med filmen Den enfaldiga mördaren i 1980-åra, var det eit lite kultursjokk for mange av oss. Vel kjende vi komikarane Hasse og Tage som samfunnskritiske, men dei var mest av alt morosame. Denne beintøffe skildringa av maktmisbruk og elende i Bygde-Sverige i 1930-åra var for eit norsk publikum eit velretta spark i jappetida. I dag er denne historia eit endå strammare apropos til nynazismen og det nymaterialistiske klassesamfunnet som ulmar i Skandinavia.
Teater Innlandet har gripe fatt i stoffet med ein meir stilisert dramaturgi enn i filmen. Det er naturleg nok: På ei scene, i eit ståande scenebilete, må ting forteljast annleis enn i ein film. Petter Næss har gitt godt spelerom for sterke, klåre og ærlege rollefigurar.
Det minst effektive ved framsyninga er forteljarteatersekvensane og forsøka på humoristisk flørt med publikum ved opninga av både første og andre akta. Det harmonerer ikkje med resten av innhaldet. Elles er vi tungt gripne av mellom anna Tom Styve som den undertrykte, men hjartegode Sven, Robert Skjærstad som den diabolske fabrikkeigaren, og i andre roller til dømes Eline Øverby og Marit Synnøve Berg. Nils Petter Molværs musikk styrker òg inntrykket av kryssing mellom tidsbilete og aktualitet.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Teater Innlandet
Dennis Magnusson:
Den enfoldige morderen
Fritt etter Hans Alfredssons bok En ond man og film Den enfaldiga mördaren
Omsett av Ragnar Olsen
Regi: Petter Næss
Scenografi: Dagny Drage Kleiva
Då den populære Hans Alfredsson, halvparten av film- og revyduoen Hasse og Tage, kom med filmen Den enfaldiga mördaren i 1980-åra, var det eit lite kultursjokk for mange av oss. Vel kjende vi komikarane Hasse og Tage som samfunnskritiske, men dei var mest av alt morosame. Denne beintøffe skildringa av maktmisbruk og elende i Bygde-Sverige i 1930-åra var for eit norsk publikum eit velretta spark i jappetida. I dag er denne historia eit endå strammare apropos til nynazismen og det nymaterialistiske klassesamfunnet som ulmar i Skandinavia.
Teater Innlandet har gripe fatt i stoffet med ein meir stilisert dramaturgi enn i filmen. Det er naturleg nok: På ei scene, i eit ståande scenebilete, må ting forteljast annleis enn i ein film. Petter Næss har gitt godt spelerom for sterke, klåre og ærlege rollefigurar.
Det minst effektive ved framsyninga er forteljarteatersekvensane og forsøka på humoristisk flørt med publikum ved opninga av både første og andre akta. Det harmonerer ikkje med resten av innhaldet. Elles er vi tungt gripne av mellom anna Tom Styve som den undertrykte, men hjartegode Sven, Robert Skjærstad som den diabolske fabrikkeigaren, og i andre roller til dømes Eline Øverby og Marit Synnøve Berg. Nils Petter Molværs musikk styrker òg inntrykket av kryssing mellom tidsbilete og aktualitet.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.