JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Dystopisk ­sosialrealisme

Grytten-stykket har fine personskisser, men grunt handlingsfundament.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Svein Roger Karlsen spelar hovudrolla som Olav.

Foto: Magnus Skrede

2952
20221007
2952
20221007

Det Norske Teatret, Scene 2

Frode Grytten:

Inn frå regnet

Regi: Lasse Kolsrud
Scenografi: Bård Lie Thorbjørnsen
Musikk og lyd: Terje Isungset

Forfattaren Frode Grytten har, no mest 40 år etter debuten sin, etablert seg som kan hende den fremste heimstaddiktaren i vår tid. Sjølv om ikkje alt han skriv, er uttrykkjeleg nemnt som Odda, ligg som regel heimstaden hans som ein nærverande og overtydande kulisse i det han fortel.

Dramatiseringa av romanen Bikubesong vart ein av dei mest seigliva suksessane i nyare norsk teaterhistorie. Stykket som no går på Det Norske Teatret, Inn frå regnet, er ein originalskriven teatertekst. Han fortel om individet i samfunnshjulet til ein viss grad på same måte som Bikubesong, men han verkar på eit vis kaldare og vantar den smålåtne sjarmen til forgjengaren. Like fullt innbyr stykket til mykje godt spel. Og det har framsyninga fått.

Naturkatastrofe

I eit lite industrisamfunn har det hendt ein naturkatastrofe, ein flaum, som har ført til øydelagde heimar og tap av menneskeliv. I ein av heimane sit ein aldrande mann, ein røynd industriarbeidar og lokalpolitikar, som nektar å evakuere, endå stovegolvet er overfløymt og elles fullt av rot og søppel.

I dette handlingsuniverset får vi rulla opp eit dysfunksjonelt familieliv i relieff til eit tilsynelatande skakkøyrt lokalsamfunn. Det er kjærleik og mangel på kjærleik, politisk vilje og politisk handlingsløyse. Hovudpersonen Olav, spela av Svein Roger Karlsen, møter vi både i ein slags indre monolog på bakskjerm og i levande live på scena. Både han og dei andre i familien, kona Ruth (Marianne Krogh) og sønene Lars (Morten Svartveit), Martin (Oddgeir Thune) og Jonny (Peiman Azizpour) finn ekte og rørande uttrykk for Gryttens tragikomiske dialogar, her er mange fine scener.

Parodierande

Likevel er det som alt dette vert hengande litt i lufta når vi samstundes skal sjå det i større perspektiv. Med ein gong merksemda skal rettast mot omverda og samfunnet, er det som stykket går mot ein sint, parodierande politisk revy. Og tidskoloritten verkar nokre gonger merkeleg datert. Kor aktuelt er det per i dag å la rolla som statsministeren vere ein parodi på Erna Solberg? Direkte pinleg er det draumeaktige musikalnummeret mot slutten, openbert meint som ein slags verfremdungseffekt. Det fungerer ikkje korkje som humor eller som harsk satire. Det er rett og slett for dårleg.

Når dette nummeret heldigvis ikkje var sjølve sluttstreken i stykket, ser vi likevel med mildare auge på heilskapen. Grytten veit jo framleis å fokusere på at velferdssamfunnet er ein medalje med ei bakside, og i tillegg kjem han med det andre vi godt kan trenge å bli minte på: Menneske kan vere einsame sjølv om dei ikkje er åleine. Det, i det minste, har framsyninga Inn frå regnet teke vel i vare.

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Natur er ikkje berre idyll. Kvart år blir over 100.000 lam og sau borte på beite, dei fleste døyr av sjukdom eller ulukker.

Foto: Paul Kleiven / NTB

KunnskapFeature

Dauden i utmarka

Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg.

Arve Nilsen

Det norske damelandslaget etter å ha vunne sitt fyrste EM. F.v. trenar Leif-Erik Stabell, Torild Heskje, Gunn Tove Vist, Bodil Nyheim Øigarden, Liv Marit Grude, ikkje-spelande kaptein Anne-Lill Hellemann, Marianne Harding og Ann Karin Fuglestad.

Foto: Torild Heskje

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

EM-eufori

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Foto frå nettsida til gruppa

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Lite skakande

Ungdomsverka til Heinichen og Telemann treng meir livfull musisering.

Jack Grealish iført dei minste leggbeskyttarane det er mogleg å oppdrive. 

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

SportFeature
Maren

Lukta av leggbeskyttarar

Leggen er klart ein utsett kroppsdel i fotball.

Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.

Foto: Sergei Poliakov / AP / NTB

Samfunn

Krig invaderer sommaren

Førre helg kunne hotell i Odesa melde «Fullt» for første gong sidan starten på fullskalakrigen.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis