Teater
Dyrisk moro for born og oss barnslege
Nyveiv av rocka ulv og geit-musikal slår gneistar.
Herbert Nordrum som Ulven og Hanne Skille Reitan som Geita. Bak er hønene Ågot Sendstad, Julie Støp Husby, Henriette Marø (kyllingen), Mari Haugen Smistad og Isabel Beth Toming.
Foto: Øyvind Eide
Viljen til å skape nye norske barneteaterklassikarar har vel vore der i fleire tiår alt, men det har vore tøft å leite seg plass mellom Hakkebakkeskog, julestjerne og den vesle byen Kardemomme. Likevel, ting skjer! Eventyret om ulven og geitekillingane har i ulike variantar fascinert små og store i fleire hundreår, og no byr Nationaltheatret på ein frodig, godt elta og langtidssteikt versjon av eit tema på vandring. Mest i gjeld er dei til den rumenske filmmusikalen Rock’n Roll Woolf som Tyra Tønnesen og Åsmund Flaten i førre omgang gjorde ein sceneversjon av som Rockeulven. No har stykket fått heilt ny musikk og ein del justeringar både i handling og visuelt uttrykk. Resultatet er, kort sagt, sjarmerande, iøyrefallande og festleg.
Det magiske i at menneske spelar dyr, og at vi godtek det, sjølv om dei berre sånn løyseleg liknar, er eit trylletriks eigentleg berre teateret kan gje oss. Og her får vi det så det monar, i eit fargerikt skiftande sceneunivers der både superdyktige barneaktørar og Nationaltheatrets faste folk (som vi til dels berre har sett i seriøse roller) syng, dansar og gjøglar i eit tempo og med eit leikent overskot som vippar oss av pinnen. (Ja, orsak, hønemor.) På to kveldar i teateret rakk vi å sjå både Hanne Skille Reitan og Mariann Hole som kjærleg (og samstundes kjærleikslengtande) geitemor, båe med sterk appell, og Herbert Nordrum og Øystein Røger, som gjekk kvarandre ein høg gang som ulven, med spenstige humorpoeng til både born og vaksne, spennande utan å bli nifse. I ei tid da vi eigentleg reknar musikalartistar som ein slags spesialskodespelarar, er det verdt å merke seg at Nationaltheatret har allrounderar som desse.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.