Dødsdansen i øvre mellomklassa
Den fandenivaldske samlivs- og trekantkomedien er ordrik, men ofte råkande.
Gard Skagestad, Ingeborg S. Raustøl og Kirsti Stubø i det tyske trekantdramaet.
Foto: Det Norske Teatret
Det Norske Teatret, Scene 3:
Marius von Mayenburg:
Eks
Omsett av Astrid Sverresdotter Dypvik
Regi: Peer Perez Øyan
Visuelt ansvarleg: Katja Ebbel
I eventyr og såkalla dameromanar endar det som regel med at to får kvarandre etter mykje om og men, og så lever dei lukkeleg til sine dagars ende. Meir får vi ikkje vite. I teateret får vi ofte sjå og høyre at det slett ikkje alltid er slik det går. Vi har sett det i Ibsens dokkeheim, i Strindbergs dødsdans, i Bergmans scener frå eit ekteskap og så bortetter. Og det lèt til at alle samfunnsepokar har samlivsutfordringane som eit kjerneproblem, same kor opplyste og velutdanna og ressurssterke vi blir, både kvinner og menn.
Kverulering
Tyske Marius von Mayenburgs stykke, Eks, tek tak i denne problematikken med mørk, smart humor. Vi møter menneske som nyttar det intellektuelle overskot sitt til å krige mot kvarandre med kveruleringar. Særleg er hustrua i skodespelet så infamt slagferdig mot mannen sin at vi tykkjer Strindberg vert reine sundagsskuleguten i forhold.
Kirsti Stubø, tilbake på norsk scene etter mange år, tek òg ut heile arsenalet sitt i denne rolla. Ho er ufyseleg, arrogant, lynrapp i dei spydige replikkane, men tydeleg sårbar under yta. Ektemannen, Gard Skagestad, får på si side finurleg fram korleis den tilsynelatande mjuke tøffelhelten av ein mann kan hende berre er ein karaktersvak kynikar på botnen.
Og den tidlegare kjærasten hans, lenge omtala før ho endeleg dukkar opp, verkar i skapnaden til Ingeborg S. Raustøl meir normal og langt mindre tvitydig enn vi har venta oss henne, iallfall slett ikkje nokon farleg slange i paradiset.
Dramatisk effekt
Kombinasjonen av desse tre karakterane har fin dramatisk effekt, både tekstleg og spelemessig. Det enkle scenebiletet etablerer òg eit småkult, moderne heimemiljø. Den vesle, svake akilleshælen til stykket er at det er litt for ordrikt. Vi grip oss mot slutten i å tenkje at folk kan ikkje vere fullt så velformulerte når dei er i kjenslemessig stress – og småfulle. Men i dei beste scenene treffer komedien Eks oss ganske godt i magen. Det er ikkje berre komfortabelt, men det er bra.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.