JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Dobbelt sjølvportrett med varme

To kjendisaktørar bryt teatralsk-isen og verkar ærlege.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bjarte Hjelmeland og Henrik Mestad kombinerer småprat og kunstnarlege innslag.

Foto: Øyvind Ganesh / Ganeshfoto

2328
20201127
2328
20201127

Edderkoppen Scene/ Over Norge

Bjarte Hjelmeland og Henrik Mestad:

Bestevenner. En forestilling om vennskap, roller og litt om mor

Med Bjarte Hjelmeland og Henrik Mestad

Det har vore sagt før, av denne meldaren og andre, at sjølvbiografiske standupshow kan ta litt vel mykje av for tida, både på teater og TV, og ikkje minst i det nokre kjendisskribentar kamuflerer som romanar. Når det gjeld skodespelarar, er det ikkje utan risiko ein lèt dei sleppe til for å snakke om seg sjølv ein heil kveld. Det kan fort bli pinleg sjølvskrytande. I mange tilfelle kan det òg verke uekte, løgnaktig.

Kunstnarlege innslag

Litt redd vert ein i opninga på «realityshowet» som Bjarte Hjelmeland og Henrik Mestad presenterer på Edderkoppen. Måten dei introduserer kvarandre og seg sjølve på, er heller kokett og kvasiimprovisert. Replikkane verkar nøye innøvde. Her må noko skje, viss vi skal tru på det dei fortel om arbeidet og den lange vennskapen sin.

Men heldigvis: Noko skjer. Og det skjer frå den augneblinken dei greier å kombinere det småpratande med reelle kunstnarlege innslag. Derifrå har dei oss i den hole handa si.

Songleg og musikalsk (på gitar) klemmer Hjelmeland til med den vedunderlege versjonen av Bob Dylans «Make you feel my love/ Fordi jeg elsker deg», og sterkt rørande er visa han har skrive – og syng – til minne om Wenche Foss. Mestad på si side gjer det vanskelege stuntet å framføre Olav H. Hauge-diktet «Det er den draumen» som dramatisk monolog – og overtyder.

Dikt og sanning

Hjelmelands klassiske reprise på Jeppe undervegs til drikkebua er kosteleg og magisk, og Mestads vesle private vitnesbyrd om seg sjølv og mor si, som til slutt går over i ei yndig tolking av «Mor Aases død» (Hjelmeland som Peer og Mestad som Aase), er òg nærast hypnotiserande godt.

Vi kunne nemne fleire enkeltnummer med heider, men som sagt, det er i den gode miksen av dikt og sanning at vi kjenner at desse to karane verkeleg byr på seg sjølve. Denne framsyninga rakk vi å sjå laurdagen før teatera og kinoane i Oslo stengde for resten av november. Eit så pass hjarteleg sceneshow kjendes som eit varmt, vennskapeleg handtrykk på veg inn i ein truleg laber førvinter.

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis