Teater
Desperate Hamsun er attende
Anders T. Andersen har laga ei dramatisering med visuell og musikalsk varme.
Preben Hodneland spelar hovudrolla. I bakgrunnen Tuva Syvertsen (t.v.), Jørgen Wiig Salvesen og Julia Backe-Wiig.
Foto: Erik Berg
Lytt til artikkelen:
Det er rart korleis Sult, ein roman med såpass lite ytre handling, gjentekne gonger har freista teater- og filmfolk til visuell vidareformidling. For så vidt gjeld det for andre Hamsun-romanar òg. Han er faktisk den mest filmatiserte forfattarane vår, medan det han sjølv skreiv for scenen, synest langt sjeldnare enn dei dramatiserte romanane.
Men Sult står no der som ein bauta av ein roman, ikkje berre i Hamsun-katalogen, men i norsk litteratur i det heile. Det intenst introverte i historia revolusjonerte på eit vis romansjangeren den gongen i 1890, og enno i dag kan det vere vondt å finne ei bok som syg seg hardare fast i den lesande, med den indre smerta som finst der, og det paradoksalt syrgjelege – og lukkelege – ropet på livet. Det er forståeleg at nokon vil vi skal sjå det, og ikkje berre lese det.
Einsamkjensle
Regissøren og skodespelaren Anders T. Andersen har fleire gonger før gått laus på romanklassikarar med freidig pågangsmot og fengslande resultat. Den sordinerte Vesaas-filmatiseringa Fuglane var det siste vi såg av han før dette. Det kan synast som om einsamkjensla, det å falle utanfor fellesskapet, er eit vesentleg ærend for han å fortelje om.
Eg-personen i Sult er eit åndsmenneske som lever på eit eksistensminimum, og romanen er frå start til slutt ei skildring av livskampen hans, kampen for å finne meiningsfylt arbeid, tene pengar til mat og klede, oppfylle draumar om kjærleik og karriere, i det heile finne ein plass å vere i livet. Kjensler og tankar rasar gjennom han, og han rører seg frå vilt temperament til utmatta botnnivå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.