JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Den aller største klassikaren – endå ein gong

Den tragiske dimensjonen veiknar i ei stram, hard Hamlet-tolking.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ågot Sendstad som Gertrude og Herbert Nordrum som Hamlet.

Foto: Øyvind Eide

2589
20210820
2589
20210820

Nationaltheatret

William Shakespeare:

Hamlet

Omsett av André Bjerke
Regi: Johannes Holmen Dahl
Scenografi, kostyme: Nia Damerell
Komponist: Alf Lund Godbolt

Den særeigne og omtykte regissøren Johannes Holmen Dahl har tilsynelatande eit langstrekt prosjekt i å gå laus på klassikarane. Han likar å spele dei i eit nedstrippa rom med minst mogleg taktile effektar, frontalt spel sjølv i intense dialogscener og gjerne med eit hardt lydbilete.

Av og til vert det fjetrande teater av det. Skodespelarane ser alltid ut til å bli inspirerte av han. Men treffer han den menneskelege nerven i dramatikken, så vi identifiserer oss? Tja...

Komprimert

Shakespeares Hamlet er jo, som dei fleste store drama, ei historie både om individets einsame kamp mot majoriteten og om dilemmaa makthavarar i samfunnet har i klemma mellom kjensler og fornuft, mellom medynk og kynisme. I denne kampen er det mange som går til grunne og døyr, menneske med store forventningar til livet.

I denne versjonen er handlinga nennsamt komprimert – og ivareteken – i ei framsyning på 100 minutt. Vi saknar mest ingen av dei berande elementa. Skodespelarane gjev faste og klåre studiar av karakterane, og mykje kviler sjølvsagt på Herbert Nordrum i tittelrolla.

Han tekstar framifrå og gir eit overtydande inntrykk av eit desperat menneske, også i mimikk og kroppsspråk. Det vi kan sakne både hjå han og dei andre, er kan hende nett det regissøren ikkje har vilja ha: varm kommunikasjon.

Det er faktisk mest i monologane desse personane nærmar seg noko som kan røre oss. Utanom Nordrum gjeld dette både Håkon Ramstads Polonius, Jan Gunnar Røises Claudius og Kim Haugens Gjenferdet. Debutanten Maria Kristine Hildonen som Ofelia viser ein frisk og trygg scenisk spontanitet, men vanvitsscena kan ho ikkje berge i ei så stilisert form. Heller ikkje substituttet for teater-i-teater-scena fungerer, slik det her kjem som ein crazy-performance frå Hamlet sjølv.

Rein tango

To unnatak frå den strenge, ikkje-emosjonelle regien registrerer vi i oppgjersscena mellom Hamlet og Gertrude (Ågot Sendstad), og i scena mellom Hamlet og gravaren (her Anne Krigsvold). I desse scenene er det kontakt; det er rein tango.

Men sjølv med eit så handplukka ensemble som dette kan ikkje The Tragedy of Hamlet, Prince of Denmark røske heilt tak i oss i ein så stramt stilisert versjon. Det er sterkt og raust i uttrykket. Men det blir aldri heilt tragedie.

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kvart år i perioden 1990–2021 har om lag éin million menneske globalt døydd som følgje av antibiotikaresistens.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

HelseSamfunn

Framtidsrapport frå bakteriefronten

At antibiotika skal slutte å verke, er den store skrekken for helsevesenet verda over. Vi dykkar ned i den grundigaste prognosen som nokon gong er utført for dødsfall som følgje av motstandsdyktige bakteriar.

Christiane Jordheim Larsen

Sauene er henta ned frå fjellet til garden til familien Lützen i Sydradalur for å bli klipte. Ein gong sa dei at ull var gull, men slik er det ikkje lenger. No blir det meste av ulla brend.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Om sau og sjølvstende

Amerika har Kennedy-klanen, Færøyane har Patursson-klanen – og 70.000 sauer.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis