Brontë som interaktivt barneteater
Feministisk klassikar blir som teater meir til lått enn til aktualisering.
Heidi Goldmann, Thorbjørn Harr, Helene Naustdal Bergsholm og Kjersti Tveterås i samspel.
Foto: Øyvind Eide
Nationaltheatret
Charlotte Brontë:
Jane Eyre
Omsett av Ragnfrid Stokke
Dramatisert av Eline Arbo og Njål Helge Mjøs
Regi: Eline Arbo
Scenografi: Olav Myrtvedt
Jane Eyre av Charlotte Brontë, merkesteinsverket frå 1847, er rekna som verdas mest lesne engelskspråklege roman. Dei fleste av oss har vel vore borti historia om denne fattige, sosialt utsette jenta som rankt og heiderleg, og utan å gå over lik, fann seg ei fortent plattform i livet. Det har vore filmar, TV-seriar, høyrespelseriar med meir. For underteikna var faktisk første møtet med Jane Eyre i teikneseriebladet Illustrerte klassikere. Teaterversjonar har det òg vore, men på ei norsk scene er det faktisk over hundre år sidan sist (jf. Stavanger Faste Scene i 1917).
Det må difor reknast som eit originalt repertoarval når Nationaltheatret no hentar sujettet fram att. Og forviten blir ein jo på motivasjonen. Kvifor nett denne historia, i Noreg, i dag? Ei sceneframstilling à la Illustrerte klassikere er det sjølvsagt ikkje blitt, sjølv om innhaldet er gjenkjenneleg nok.
Ironisk metanivå
Framsyninga på Nationaltheatret etablerer eit distansert, ironisk metanivå på det heile frå fyrste augneblink. Det byrjar med at hovudpersonen Jane (Kjersti Tveterås) kjem fram på rampen og aktiviserer publikum til å herme lydkulissar. Som åskodarar er vi ulike når det gjeld å setje pris på den slags. Nokre finn det morosamt, for andre er det berre barnsleg. Likar ein det ikkje, kan ein straks slå frå seg å sjå dette stykket, for det interaktive er nærast ein raud tråd i framsyninga.
Og dei dramatiske vendepunkta i stykket vert fort dregne over i komiske gags, med skamlaus flørteadressering til publikum. Når helten i romanen, Mr. Rochester (Thorbjørn Harr), introduserer seg, er hesten han rid inn på, ein turnbukk. Veslejenta Adele, som Jane Eyre skal vere guvernante for, vert spelt av ein høg og tynn vaksen skodespelar (Helene Naustdal Bergsholm) og er vorten ein gjennomført burlesk-komisk figur. Det same gjeld for dei andre rollefigurane, sjølv den i boka mystiske og halvskumle Grace Poole er her berre komisk. Heilt bortskusla er skrekkhøgdepunktet med den ukjende kvinna i tårnet. I det heile er alle dei store utfordringane og påkjenningane unge Jane Eyre vert utsett for, reduserte til karikerte sketsjar. Det gjev ikkje hovudkarakteren særleg jordbotn å stå på.
Nyanserikt uttrykk
Denne teaterhendinga kviler sjølvsagt i stor grad på Kjersti Tveterås, som er på scena heile tida og skal halde liv og kontinuitet i historia frå først til sist. Ho har eit svært nyanserikt uttrykk som skodespelar, men ho kunne brukt det betre. Det trassige og viljesterke i Jane-karakteren vert no mykje kjefting og rop, og den ustanselege, intense viljen til å kommunisere med publikum vert etter kvart nokså mekanisk, særleg i dei lange, «feministiske» monologane mot slutten, som sjølvsagt ikkje er skrivne av Charlotte Brontë.
Blandinga av nytt og gamalklassisk i kostyme- og sceneløysingar er til dels friskt og artig å sjå, men bringar oss ikkje nærare til å ta innhaldet på alvor. Det gjer heller ikkje dei songlege og musikalske mellomstikka, om enn aldri så fint gjennomførte.
Vi er sjølvsagt med på at Jane Eyre er ein roman vel verd å visualisere, ikkje minst frå eit kvinnepolitisk perspektiv, sett med langsynte briller frå fortid til notid. Men framleis trur vi ikkje på at det var ei rølpete rampejente Charlotte Brontë skreiv om. Det var openbert først og fremst eit verdig og ettertenksamt livsmot som styrte gjerningane til ho Jane Eyre. Det stend i boki.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Heilt bortskusla
er skrekkhøgdepunktet med den ukjende kvinna i tårnet.
Fleire artiklar
Pasta med traktkantarellar, fløyte og parmesan.
Foto: Dagfinn Nordbø
Skogens gull
Eg er så heldig å ha vener med hytte, og dei forsyner meg med alt eg orkar av godsaker som veks på bakken.
Faksimile frå Chess Review 1953. Burger sit med dei svarte brikkene og introduserer ein «cheapo».
Foto: Edward Winters chesshistory.com
Frå sjakkverda: Burger med cheapo utan salami
Gravferd for Hizbollah-kommandantane Ibrahim Qubaisi og Hussein Ezzedine, som mista livet i eit bombeåtak i det sørlege Beirut 25. september. Dei siste vekene har ei rekkje leiarar i Hizbollah-rørsla blitt drepne av Israel.
Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters / NTB
Ei god tid for martyrar
Hizbollah vart skapt av den israelske invasjonen av Libanon i 1982.
Kan Israel knekke denne rørsla gjennom ein ny krig?
Foto: NTB
«Epla figurerer i mange av Hauge sine dikt»
Den polske presidenten Andrzej Duda vitja messa i kyrkja The National Shrine of Our Lady of Czestochowa i Doylestown i Pennsylvania 22. september 2024.
Foto: Ryan Collerd / AFP / NTB
Kandidatane frir til polakkar i USA
BUCKS COUNTY: Kanskje er det polsk-amerikanarar i Pennsylvania som kjem til å avgjere presidentvalet.