Teater

Brølande aleksandrinar

Den nye tilnærminga til Racine er fiffig, men for høgrøysta.

Ina Svenningdal som Berenice og Karl-Vidar Lende som Antiokus.
Ina Svenningdal som Berenice og Karl-Vidar Lende som Antiokus.
Publisert

Den franske klassisisten Jean Racine er ikkje den mest tittgjengde dramatikaren på norske scener. Vi har fått sjå Fedra nokre gonger, sjeldnare Britannicus, og den rojale tragedien Berenice er så vidt vi kan finne ut, berre sett opp éin gong før i Noreg, i gjendiktinga til Halldis Moren Vesaas. Ho er ikkje kreditert denne gongen, men etter alt å døme er det hennar tekst dei nyttar no òg, i oppsetjinga på scene 3. Det høyrest ut som henne. I så fall burde namnet hennar ha stått der, slik namnet til omsetjaren plar gjere.

Utagerande effektar

I det heile er teksten og tekstframføringa både det viktigaste og det mest krevjande momentet når eit klassisk versedrama skal spelast i eit moderne teateruttrykk. Får ei eruptiv, ung teaterframsyning fram den tidlause høgda i dei både poetiske og presise tekstlinene dei store klassiske dramatikarane har skrive? Denne gongen – vel, tja, dei energiske skodespelarane får fram det konkrete innhaldet. Men lange stunder om gongen er det som dei ikkje tek konsekvensane av det dei sjølv seier. Når utagerande effektar og rabiate utspel tek over, verkar det som publikum ikkje veit om dei skal ta inn over seg ein tragedie eller berre le av ein utagerande teaterparodi.

Overdriven røystbruk

Stykket syner oss ein trekanta kjærleikskonflikt, keisartronarvingen Titus vil gifte seg med den palestinske dronninga Berenice, men kan det ikkje av patriotisk-politiske grunnar. Den felles venen deira, kong Antiokus, elskar òg Berenice. Berenice elskar Titus, men kjenner seg nedprioritert og vurderer (kan hende?) og dra av garde med Antiokus. Det endar sjølvsagt i kaos.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement