Teater

Bondemann og lærd attende i ringen

Holberg har enno sitt tidlause smil, men snublar litt i trendy sceneuttrykk.

Henrik Rafaelsen har teke moderne uttrykk inn i framsyninga.
Henrik Rafaelsen har teke moderne uttrykk inn i framsyninga.
Publisert

Det er alltid moro å sjå den evig aktuelle komedien Erasmus Montanus, den store ironipamfletten frå opplysningstida i Skandinavia. Den dag i dag, og truleg i all framtid, vil vel vi menneske stritte hardnakka imot ny kunnskap, særleg om han rokkar ved haldningane våre. Og like forbanna kjem vi framleis til å bruke kunnskap feil – og strø perler for svin.

Oppsetjinga Kilden Teater gjer av klassikaren har lagt stykket i ein leiken metastil med hint til både klassisk komedieteater og det typisk notidige. Scenebiletet har eit klassisk krinolinebakteppe og store teikna figurar av husdyr med sprellemannslemmar.

Rollebesetninga er i stor grad kjønnsnøytral, kostyma litt hummar og kanari, litt klassisk, litt absurd. Men den genuint avvæpnande humoren oppstår ikkje på augneblinken av dette, og det må vedgåast at ensemblet lèt til å trenge tid på å varme seg opp den første timen, fram til pause. Korkje tempo eller replikkføring kjem med nett den komediepulsen stykket treng.

Sånn sett er det typisk at det er den nøkterne og kloke Jakob, Erasmus’ bondebror, som er best på plass i dei første sekvensane, spela med fint undertrykk av Lars Funderud Johannessen. Han ber eigentleg mykje av børa gjennom heile stykket, men etter pausen er det òg fleire i ensemblet som blomstrar opp.

Den største fallgruva når ein vil kle opp ein klassikar i moderne klede, er at ein kan verte freista til å leggje inn «obligatoriske» teaterteikn som kan synast aktuelle nett no, men som ikkje nødvendigvis aksentuerer originalmaterialet. I denne samanhengen er det til dømes ikkje lett å sjå det dramatiske poenget i å la menn spele kvinner og omvendt. Dei av skodespelarane som må gjere det, er òg dei som scorar lågast.

På andre sida klarer Jørn-Bjørn Fuller-Gee å gjere Per Degns angst for å bli hane til eit av høgdepunkta for kvelden, og mot slutten vert vi òg tekne inn i erkjenningskampen til Erasmus, der han (Khalid Mahamoud) så lenge han berre kan, held fast på at jorda er rund.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement