Teater
Barnet i mannen eller omvendt
HyPer i Egypt er sårt og sjarmerande om å vere asosial og evnerik.
HyPer (Ola G. Furuseth) finn ein forbundsfelle i rektor Grå (Per Schaanning).
Foto: Dag Jenssen
Det Norske Teatret har i seinare tid lagt interessant og sympatisk vinn på framsyningar om born som fell utanfor A4-norma. Dei fleste av desse produksjonane har likevel vore teater for vaksne. Dramatiseringa av Thor Soltvedts’ prosalyriske barnebøker om HyPer presenterer seg som familieframsyning.
La det vere sagt med ein gong: Det er vakkert og spennande teater. I kva grad det kan appellere til born, vil ein vel sjå etter kvart. Det kan nok vere ei utfordring for unge tilskodarar å fordøye at godt vaksne folk spelar ungar, og det i eit ikkje-realistisk scenebilete, og attpå til i ei handling som går frå det kvardagsnære til det draumeaktig urealistiske. Men er ein først med på spelereglane, vert ein fort fanga inn.
9-årige Per har ein vanskeleg familiebakgrunn. Far hans er død i ei ulukke, tvillingsyster hans har slutta å snakke, stefaren går han dårleg saman med og mor hans er nære på utsliten. Sjølv er han diagnostisert som hyperaktiv og rekna som ein vandrande katastrofe både heime og på skulen. Like fullt er han både skarp i knollen og skrivefør, og i skulens overlærar, rektor Grå, finn han ein forbundsfelle og ven i felles interesse for det gamle Egypt. Herifrå går handlinga i ei retning som kan hende er verkeleg, kan hende berre draum. Fascinerande er det like fullt, både i eit snedig visuelt uttrykk med projisering av hieroglyfar og byggjesteinar på store scenografiske klossar, og i eit superopplagt ensemblespel med HyPer (Ola G. Furuseth) i spissen. Openhjarta innsatsar kjem det òg frå Per Schaanning som rektor Grå, Sara Khorami som mamma og Trini Lund, Amell Basic, Kaja Varjord og Petter Winther i ulike, kvikt oppfatta biroller. Sistnemnte Winther har òg laga musikken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.