JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Arthur Miller slår ikkje feil

Ei smertefull erkjenning gjer framleis inntrykk i 50-talsklassikar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ensemblet leverer til truande. F.v. Kyrre Eikås Ottersen, Joakim Thrane, Torgeir Reiten, Idun Losnegård og Reidun Melvær Berge.

Foto: Espen Nyttingnes / Rakkar

2903
20201204
2903
20201204

Teater Vestland

Arthur Miller:

Frakt under havet

Omsett av Ola E. Bø
Regi: Bentein Baardson
Scenografi og kostyme: Siri Langdalen

Det er faktisk stendig sjeldnare institusjonsteatera gjev seg i kast med nyklassikarane, desse stykka som forma den vestlege teaterkulturen i det tjuande hundreåret. Når dei stundom gjer det, er det oftast som dei ikkje heilt får det til. TV-mediet har vorte ein farleg konkurrent for teateret i det å formidle realistisk fiksjon, og da synest nok teateret dei må søke mot ei anna uttrykksform enn den ramt realistiske.

Problemet er at det fungerer sjeldan på desse sterke skodespela som vart skrivne i etterkrigstida. Det er som regel den konkrete, tidsbundne miljøkoloritten som er sjølve sjela i denne dramatikken. I alle høve er det sånn fatt med skodespelet Frakt under havet av Arthur Miller. Det har Teater Vestland og regissøren Bentein Baardson teke konsekvensen av. Og vi må faktisk seie: heldigvis.

Aktuelt

Men forresten, miljø og miljø, i scenografi og kostyme er fortidskoloritten heller diskré markert i denne framsyninga. Men tempo, stemning og spelestil plasserer likevel stykket fort der det høyrer heime, i eit storbytungt USA for nokre generasjonar sidan. Problematikken lovleg og ulovleg innvandring er jo for eit norsk publikum berre mykje meir aktuelt og gjenkjenneleg enn for vel seksti år sidan, da dette stykket hadde noregspremiere.

Tabuemnet incest var i tillegg noko ein knapt hadde ord for i førre generasjon. Og historia om Eddie, den slitne, mellomaldrande bryggjesjauaren som er fordekt forelska i niesa si, og dødeleg sjalu på Rodolpho, hennar utvalde, har ikkje mindre brennbar appell enn på 50-talet. Dette uavvendelege lagnadsdramaet har då Arthur Miller forma nærast som ein klassisk gresk tragedie, med eit kommenterande kor (advokaten Alfieri) som både kommenterer, åtvarar og konkluderer. Han opptrer både i såkalla real time og i epilogisk ettertid. På eit underleg vis er det òg mest som alle personane i handlinga veit, undermedvite, at dei går mot ein katastrofe.

Til truande

Teater Vestland har sett inn dei sterkaste ressursane sine i denne oppsetjinga. Heile ensemblet leverer til dei gradar til truande, og framfor alt er det temperaturen, den gjennomført lada stemninga, som held oss stramt fastspente i seta.

Nest etter En handelsreisendes død er kan hende Frakt under havet det Miller-stykket som vert spelt mest i norsk teater. Betre døme skal ein òg leite lenge etter på ein klassikar som held seg så sterkt gjennom skiftande tider, og utan å trenge andletsløft.

Framsyninga vart spela for førebels siste gong førre laurdag, etter ein delvis avbroten turné. (Alle veit kvifor.) Vonleg kan produksjonen få ein ny runde på nyåret. Det er han verdt.

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ekstreme nedbørsmengder førte til ein katastrofe i Valencia i Spania 29. oktober. Minst 217 skal ha mista livet, og dei materielle øydeleggingane er kolossale.

Foto: Susana Vera / Reuters / NTB

Samfunn

Prisen for det ville vêret

I forsikringsbransjen er det langt mellom klimaskeptikarane.

Per Anders Todal

Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Husforsikring i hardt vêr

Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?

Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
PerVaglum

Vestre må avslutte konflikter og beklage

«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Tid for realitetsorientering

Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.

Stemninga på valmøtet i Salem var ikkje sint, men fandenivaldsk og sjølvsikker.

Foto: Ida Lødemel Tvedt

Samfunn

Hjarte for huset

NEW YORK: Valnatta i New York kjendest som eit antiklimaks etter ei veke på reise i det som alt høyrdest ut som Trumps Amerika.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis