Aldri feil med ein tur til Aldriland
Talentfull leik med klassikar sjarmerer både småtassar og oss gamlingar.
Andre klasse ved Teaterhøgskulen spelar sommarteater i Frognerparken i Oslo.
Foto: Sommerteatret 2022
Sommerteatret 2022 / Andre klasse Teaterhøgskolen
J.M.Barrie:
Peter Pan
Regi og omarbeiding: Herman Bernhoft
Scenografi og lysdesign:
Phillippe Schneider
Komponist: Jakob Stabell
Sommarteater i Frognerparken med teaterskuleelevar er no ein mest femti år gamal tradisjon. For vaksne teaterinteresserte er det alltid moro å sjå unge talent i knopp. Og for aspirantane sjølve er det heilt klårt ei god eldprøve å skulle fengsle det yngste publikummet. Det er ikkje nødvendigvis det enklaste å gje seg ut på. Men i sommar kjem det nok til å gå greitt, skal ein døme etter premieren sist fredag.
Teknisk eleganse
Eventyruniverset rundt figuren Peter Pan har jo ei lang og mangslungen skapingshistorie. Forfattaren James M. Barrie hadde han først med som ein bifigur i ei barnebok, der han (Peter) var eit nyfødt barn som kunne tale og handle. Så vidareutvikla han figuren til den prepubertale guten som kunne fly, i skodespelet Peter Pan, som hadde urpremiere i 1904. Og etter kvart vart det fleire bøker. Framsyninga i Frognerparken byggjer på både det opphavlege skodespelet og romanen Peter Pan og Wendy, som Barrie leverte nokre år seinare.
Det som straks fascinerer ved teaterskuleversjonen av Peter Pan, er at framsyninga kombinerer teknisk eleganse med ein tilsynelatande fri leik, ei rollespelmoro som liknar på rollespelet ungar bruker sjølve når dei leikar. Her er både songleg og akrobatisk kunnskap i rikeleg overskot og kjapt karakteriserte rollefigurar. Dei fleste speler òg fleire roller.
Trass mot vaksenlivet
Den enkle scenografien minner om ei forstørra leikehytte, truleg lett identifiserbart for juniorane i salen. Og i dette magiske eventyret om guten Peter som ikkje vil bli vaksen, og som tek med seg Wendy og småbrørne hennar til Aldriland, er vi nok mange som kan kjenne oss att i trassen mot vaksenlivet, og liksom Wendy atter må erkjenne at vi diverre må forlate Aldriland ein gong, sjølv om noko av oss alltid vil vere der.
Alle dei vonfulle skodespelarspirene syner utoverretta humør og personleg varme, men det er vanskeleg å ikkje framheve Jakob Stabell i tittelrolla, som i tillegg til eit kjenslevart nærvær og eit nær vektlaust turnartalent også er kreditert for originalmusikken.
Ein ettermiddagstur i teaterteltet i Frognerparken kan trygt tilrådast, både for born og for alle friviljug barnslege.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.
Foto: Erika Hebbert
Sterkt om livsløgn og overleving
Gode skodespelarprestasjonar i intens kamp på liv og død.
Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.
Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB
Ny statsminister med gjeld, utan budsjett
No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.
Foto: Thomas Fure / NTB
– No ser me effekten av færre politifolk
Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).
Den oppdaterte boka om rettens ironi er ei samling av tekstar frå Rune Slagstad gjennom førti år.
Foto: André Johansen / Pax Forlag
Jussen som styringsverktøy
Rettens ironi, no i fjerde og utvida utgåve, har for lengst blitt ein klassikar i norsk idé- og rettshistorie.
Finn Olstad har doktorgrad i historie og er tidlegare professor ved Seksjon for kultur og samfunn ved Noregs idrettshøgskule.
Foto: Edvard Thorup
Det nye klassesamfunnet
Finn Olstads nye bok er eit lettlese innspel til ei sårt tiltrengd innsikt i skilnaden mellom fakta og ideologi.