Teater
Å spele eller ikkje spele – Shakespeare
Denne klassikartolkinga drep seg sjølv, nett som personane i stykket.
Cæsar og Antonius vert spelte av Sunniva Du Mond Nordal og Anne Guri Tvedt.
Foto: Erika Hebbert
Det er prisverdig av Teater Innlandet å plukke opp eit av Shakespeare-stykka som mest aldri vert spelt i Noreg. Julius Cæsar omhandlar eit sentralt vendepunkt i romartida som kan gje mange hint til vår eiga tid. Idéinnhaldet er såleis aktuelt. Samstundes er det eit teksttungt stykke. Her er lite av verkeleg rørleg handling.
Regissøren Stojcevska har nok sett dette. Ein synest her å merke ein vilje til å mjuke opp det høgtidsstemte med tørre, kontemporære sidekommentarar. Det skal nok vere morosamt, men dei verste stabeisane blant oss vil helst avgjere sjølve om det vi ser, er moro.
Hysteriske klovnar
Å gjere kjønn uvesentleg, viss det da er det som er meininga, er etter kvart trendy. Det er lite her som får oss til å sjå poenget i at Cæsar og Antonius skal vere kvinner. Dei opptrer òg mest som hysteriske klovnar. Antonius’ tale ved Cæsars lik er ein litterær klassikar i seg sjølv. Den får ikkje mykje vekt i denne versjonen. Dei to som får oss til å fatte noko om konflikten mellom politisk visjon og personleg kjensle, er Cassius (Tom Styve) og i særleg grad Brutus (Stian Isaksen). Her kjem det nokre lynglimt av erkjenning.
Lite utbytterikt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.