Teater

Teater på liv og død

Stengd gitar er ei sterk framsyning som kunne tent på å ha vore korta noko ned.

Reidun Melvær Berge speler hovudrolla som aleinemora. Musikaren er Øystein Bech-Eriksen.
Reidun Melvær Berge speler hovudrolla som aleinemora. Musikaren er Øystein Bech-Eriksen.
Publisert

Dersom ein vil dramatisere Jon Fosses andre roman, Stengd gitar frå 1985, er det eit godt grep å kombinere monologen med gitarmusikk. For gitaren speler ei gjennomgåande rolle i romanen, rett nok meir som symbol enn som konkret gjenstand. Difor kjennest det også heilt rett at Even Kjelby og gitaren hans har ei tilbaketrekt rolle, der musikken sjeldan får dominere, men heller ligg under som ein forsiktig, mollprega stemningsskapar. Men underleg nok får han ikkje særleg høve til å etablere den pulsen som romanen er så rik på.

Mentalt innelåst

Stengd gitar er kanskje den vondaste teksten Jon Fosse har skrive. Om den tjue år gamle aleinemora Liv, som ved eit uhell låser seg ute frå leilegheita si, der den eitt år gamle sonen ligg att aleine. Ingen katastrofe, kanskje, men når mora synest vere mentalt innelåst i seg sjølv, utan evne til å tenkje klart og handle fornuftig, blir det likevel oppskrifta på nettopp katastrofe.

I staden for å oppsøkje vaktmeisteren, som ho vil, gir ho seg til å virre ikring på leiting etter han på stader der han umogleg kan vere. Ho møter bror sin, som kan hjelpe, men vil ikkje fortelje han kva som står på. Og ho møter den halvkriminelle, delvis narkomane barnefaren, men ber heller ikkje han om hjelp. I staden surrar ho rundt, til ho endar utafor den låste døra igjen utan å ha oppnådd noko som helst.

Romanen er ein monolog, og Reidun Melvær Berge er sett til å bere framsyninga på sine unge skuldrer. Bortimot halvannan time aleine på scenen er ein kraftprestasjon i seg sjølv. Og ho står distansen ut. Samstundes ser vi at det som er eit kjennemerke ved Fosses litteratur – dei mange repetisjonane – ikkje fungerer like godt på scene som i bok.

Uutnytta scenografi

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement