Taxi AsunciónDen første paraguayanske filmen på kino i Noreg er eit nydeleg drama.DramaRegi: Marcelo
Den første paraguayanske filmen på kino i Noreg er eit nydeleg drama.
Chela (Ana Brun) får ei ny veninne i Angy (Ava Ivanova) i eit kvinnedrive drama frå Paraguay.
Foto: AS Fidalgo
Chela (Brun) og sambuaren Chiquita (Irún) er kvinner på seksti i den paraguayanske overklassen i hovudstaden Asunción. Dei sel arva krystallglas, måleri og middagsbord for å få unna stor gjeld, men Chiquita hamnar likevel i fengsel for svindel. Chela får hjelp heime med piller og kaffi av nytilsette Pati (González). Då nabokona Pituca spør om Chela kan køyre henne i eit ærend, opnar ein ny veg seg, der Chela gjev skyss til rike, eldre damer. Der møter ho yngre Angy (Ivanova), som får liv i den resignerte målaren.
Arbeid gjev fridom
Det er klart at Chiquita har hatt hendene på rattet i heimen. Chela gøymer seg i skuggane og blir sjuk av skamma over fallet frå fornemme krinsar. Ho ter seg kjipt, men figuren har ei spennande utvikling. Å bli privatsjåfør er sårt for ei kunstnarspire, men ho forstår snart at plassen i førarsetet kan by på andre formar for fridom.
Chela dundrar ut Chopin og Tsjajkovskij frå bilstereoen medan korset dinglar frå sladrespegelen. Overklassen er eurosentrisk og klagar på kvinnene frå lågare sosiale lag som bur og jobbar hos dei. Klasseskilja viser seg i språk, hud og hår. Chela skjuler dei blå augo sine bakom døra medan Pati tek imot kvinner med bleikt hår på jakt etter middagsservise. Blikk med medynk svir i sjela til Chela, men små endringar i sjølvbiletet siv sakte gjennom andlet og klede. Chela strekker seg sakte etter noko nytt.
Gretne gamle kvinner
Gjengen med eldre kvinner som spelar kort heime hjå naboen Pituca, er litt av ein gjeng. Observasjonane frå miljøet er truverdige. Sår nostalgi blir blanda med pragmatikk og sladder om menn som aldri er å sjå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.