Musikk
Tante Oddny har blitt ung igjen
Bak eit gammalt namn spelar fire unge karar solid melankolsk visepop.
Oddny deler ikkje alltid seng, men ofte på pressebilete.
Foto: Charlotte Førde Skomsøy
Det norske musikklandskapet er fullstappa av artistar med fornamnet som artistnamn. Både Dagny, Sigrid, Aurora og Astrid (rett nok med ein S. på slutten) fylgjer på ulikt vis opp suksessen til Morten, Magne og Paul, sjølv om dei tre valde å gøyme seg i eit band.
Når Oddny så dukkar opp, er det lett å tru at det no er ei gammal tante som òg skal prøve seg i strøymetenestene, kanskje ei ny Olga Marie Mikalsen?
Ifølgje Statistisk sentralbyrå finst det 1412 Oddnyar i Noreg i dag, med førebels popularitetstopp i 1928. Snautt 200 fleire enn dei som heiter Dagny, men Dagnyane har hatt ein oppsving dei siste åra, medan knapt nokon har fått namnet Oddny etter 1985.
Denne Oddnyen er ikkje ein pensjonist med for mykje fritid. For å parafrasere Jan Eggum så har tante Oddny blitt ung igjen. Oddny er fire unge karar spreidde rundt i landet, men med musikalsk nervesenter i Bremanger, med innflyttarkompetanse frå metropolane Førde og Sandane.
Gjenkjenneleg
For dei som ikkje har greie på vestlandske kommunar, er det Bremanger som gjer at den politiske konstruksjonen Kinn kommune ser ut som ei snodig krabbeklo på kartet. Der administrasjonssenteret Svelgen husar eit smelteverk som garantert har levert nokre gram silisium til smarttelefonen du har ei armlengd unna.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.