Bok

Tankar frå ein sofa

Stig Aasviks nyaste bok gir meg lyst til å be han skrive andre typar romanar. Det er meint som ein kompliment.

Den ferskaste romanen til Stig Aasvik går føre seg inne i hovudet til Stig Aasvik.
Den ferskaste romanen til Stig Aasvik går føre seg inne i hovudet til Stig Aasvik.
Publisert

Ordføreren i Oslo, Stig Aasviks femte bok, er som ei ventepølse som er nesten litt for mettande. Men aller mest får ho meg til å lengte etter ein hovudrett, nemleg ein annan roman.

Det er berre eitt år sidan Stig Aasvik gav ut forløparen Lofotveggen. Bøkene er sjølvbiografiske og skrivne i ein lang arbeidsledig periode. I første bok fekk romanfiguren Stig jobbsøkarkurs via Nav, no er han i gang med andre del av tiltaket, der han får timar hos ein rettleiar. Men det er frå sofaen sin på Hasle han fortel heile romanen.

God spegling av tankar

Teksten er skriven utan avsnitt eller linjeskift, nye tema oppstår utan overgangar. Det er som om mykje fordampar etter kvart som eg les, ikkje fordi språket er tungt eller innhaldet kjedeleg, men fordi Aasvik er ein meister i å spegle kor flyktige tankar er og korleis dei hoppar saumlaust mellom det trivielle og eksistensielle.

For å sette i gang tankestraumane bakar han gjerne inn klassiske oppramsande skriveøvingar som «jeg elsker ...», «jeg liker ...» og ikkje minst «jeg husker ...», som vi kjenner frå Joe Brainards Jeg husker som nyleg blei omsett til norsk av Nils-Øivind Haagensen. Stig er innom svært mykje, som fotball, foreldre, film, filosofi, musikk, kaffibarar, trening, fly og reiser. Men det er to gjentakande emne eg meiner skil seg ut i det at dei skapar effektive kontrastar til hovudpersonen. Det første – jobbsøkarrettleiinga han får frå den overpositive Mona – står for det konstruktive. Det andre emnet er fryktelege avrettingar i Iran som han les om, og som viser at han eigentleg ikkje har det så ille.

Skrivevegring

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement