Film
Talentfabrikken
Den formeltru historietimen om det vidgjetne Warner Bros. er imponerande og interessant.
Dei fire Warner-brørne etablerte filmselskap for 100 år sidan.
Foto: Warner Bros.
Dei fire Warner-brørne Harry, Albert, Sam, and Jack kom til USA på tampen av 1800-talet. Med nye, engelske namn kasta dei unge polsk-jødiske mennene seg inn i den blodferske filmbransjen. Frå 1903 viste dei film. Etter kvart etablerte dei eit filmstudio som blei eit av dei største i verda.
Det er det framleis. No om dagen opererer etterkomarane med 1923 som år null. Dei feirar difor sine første hundre år med å hylla seg sjølve.
Rebellreklame
Dokumentarserien om Hollywood-studioet Warner Bros. er ei erkeamerikansk historie frå fattigdom til stjernestatus og pengeflaum. Forteljarstemma til Morgan Freeman og ei utruleg gullrekke av snakkande hovud legg fram sine tankar om rolla studioet har hatt. Dei kjem til orde ein etter ein: Clint Eastwood, Keanu Reeves, Patty Jenkins, Baz Luhrmann, Oprah Winfrey, Martin Scorsese, George Clooney, Christopher Nolan og ei mengd andre filmfolk og leiarar.
Mange poengterer at Warner Bros. har tradisjon for å høyre på kreative talent og ikkje berre prioritere det som verka økonomisk ved siste korsveg. I den evige kampen mellom kreativitet og kapital har Warner Bros. historisk sett vore ein utfordrar. 100 Years of Warner Bros. er i hovudsak reklame for studioet, sjølv om dramaturgien inneheld harde tider og kontroversar der leiarar har teke tvilsame val.
Skrytelista
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.