Bok
Talent for god driv
Det skjer mykje i Kristin Hauges andre bok, men det kunne skjedd meir.
Kristin Hauge debuterte med ei novellesamling i fjor. No har ho skrive roman.
Foto: Vigmostad Bjørke
Eg har det med å bli trekt mot bøker skrivne av forfattarar som kan likne på meg sjølv, norske, unge kvinner. Som oftast har bøkene deira dessutan kjende og kjære miljø. Også denne gongen les eg ein fersk forfattar, men eg prøver meg likevel lite grann utanfor komfortsona mi når eg les Kristin Hauges (f. 1958) andre bok og første roman, Ritualer.
Velkjend
Forfattarens første bok, novellesamlinga Tiggerne, kom ut i fjor, og alt året etterpå har vi altså fått ein solid roman frå den gode forteljaren. Felles for begge bøkene er at vi kan sjå at Hauge har bakgrunn frå utanrikstenesta, men i størst grad i novellesamlinga. Frå Ritualer er det ikkje skildringane av afghansk natur og terrorsituasjonar i Kabul eg hugsar best, sjølv om dei for så vidt er sterke. Det eg derimot hugsar best, er forteljinga om ein såkalla moderne middelklassefamilie frå Oslo, som altså er godt innanfor både mi og den norsk samtidslitteraturens komfortsone.
Ritualer går føre seg i løpet av tre novemberdagar, og tre hovudpersonar byter på å fortelje: Harriet og Viktor og den vaksne dottera deira, Ally. Ally jobbar som diplomat ved ambassaden i Kabul og skal ha eit opphald heime i Oslo. Harriet og Viktor skilde seg då Ally var barn. Viktor har ny familie, sonen Stein og kona Eva, som er i full gang med å gjere i stand sekstiårsfeiring for han. Harriet er einsleg og skal til å selje barndomsheimen og reise på åleinetur til Cuba.
Vellukka
Det er altså små – eller store, alt etter korleis ein vel å sjå det – hendingar og endringar i livet til denne familien vi får ta del i. Handlinga er fortalt med uvanleg godt driv; eg er ein ganske langsam lesar, men her går det fort. Det går ikkje fort fordi boka er lett, men fordi språket er så godt å lese. Og så er det faktisk ganske spennande også, med utruskap, graviditet og butikktjuveri.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.