Bok
Talaren treng truverd mest av alt
Skaff deg ein metode, finn ut av sakene og ikkje bløff!
Mina Gerhardsen, som sjølv har vore taleskrivar, har skrive ei bok om kva som gjer ein tale god.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Overraskande bøker vert gode vener. Denne synte seg å ikkje vere nok ei overflatisk bok med råd og utkropne PR-triks, noko eg fyrst trudde og var budd på å slakte nådelaust. Eg vart straks fengsla, humra over attkjennlege situasjonar, lun humor og sjølvironi, og hadde glede og nytte av lesinga.
Mina Gerhardsen åtvarar med rette mot utslitne sitat og slagord. I staden viser ho sjølv sitatkunst – med glimt frå interessante talar og frå analytikarar. Ho demonstrerer at det er mogleg å gje etisk høgverdig rådgjeving til allslag folk som har bodskapar å kome med, eller ta del i samfunnet med framlegg og kommentarar.
Situasjonsmedvit
Då eg handfór boka, såg ho ut til å handle om talaren, og eg sukka: Atter ei bok om korleis du skal selje deg og varene dine. Men tvert om: Vi vert systematisk klokare om kvifor talaren må vere truverdig, kompetent, ha greie på sakene ho/han vil formidle, og ikkje minst respektere tilhøyrarane sine – utan å frykte dei.
Utan å brikje med det har forfattaren betre teoretisk grunnlag og meir praktisk røynsle enn mange. Så har ho då også vore taleskrivar og faktafinnar for sentrale politikarar. Konsentrasjonen om korleis talaren sjølv opplever oppgåva si og rolla si før, under og etter talen, er både sjeldan innsynsrik og verdfull.
Ikkje minst er påpeikinga av situasjonsmedvitet viktig. Det kjem ikkje av seg sjølv. På førehand må ein kjenne staden og tilhøva, ein må vite kva verkemiddel og utstyr ein kan nytte, ein må kjenne publikum (for ikkje å verke dum), ein kan ikkje alltid lite på arrangøren og ein må difor ha både plan B og C i påkomande tilfelle.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.