Film

Sympatisk forfattarportrett

Mannen vi møter, er vennleg, sjarmerande og bestemt.

Tomas Espedal går til fjells med dress for ikkje å bli teken for å vere idrettsmann.
Tomas Espedal går til fjells med dress for ikkje å bli teken for å vere idrettsmann.
Publisert

Dokumentaren er ikkje ei filmatisering av boka Tomas Espedal gav ut i 1990, men eit portrett av ein forfattar som lever eit litt anna liv enn dei fleste av oss, men ikkje meir forskjellig enn at det går an å kjenne seg att i mykje av det.

Fem år

Regissøren har fått følgje Espedal gjennom fem år, og resultatet er blitt interessant og sjåverdig. Men kor mykje får ein vist på 40 minutt? Ikkje nok til at ein kjem nemnande djupt inn i materien. Derfor blir det noko overflatisk over heile prosjektet.

Det vi får sjå, er i all hovudsak slikt som vi har kunna lese oss til i Espedals bøker – vandringane, forholdet til faren, drikkinga, kjærleiken og kjærleikstapet, kvifor han går i dress på dei lange og mange vandringane sine (for at ikkje nokon skal tru at han er idrettsmann), skrivinga (på ein gammal skrivemaskin) og så bortetter.

Mannen vi møter, er vennleg, sjarmerande og bestemt. Vi får ei kjensle av å komme tett innpå han, men han verken utleverer seg eller blir utlevert.

Språket

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement