Bok
Sylv og svik
Maren Uthaug viser seg som ein sikker forfattar alt i debuten.
Maren Uthaug er forfattar, teikneserieskapar og bloggar.
Foto: Thomas A
Dansk-norske Maren Uthaug har fått mykje åtgaum for to andre bøker som har kome på nynorsk dei siste åra. Den nye av året, Og sånn blei det, er debutboka frå 2013 og skal visstnok vere sjølvbiografisk. Som Risten/Kirsten i romanen har Uthaug ein blanda bakgrunn som mellom anna er samisk.
Dette er ei oppvekstforteljing utan filter: rå og imponerande. Alt i debuten syner forfattaren seg som ein sikker og uredd skrivar. Dette er ei soge om omsorgssvikt, men fullstendig usentimental, ikkje minst på grunn av dei kløktige innslaga av ramsalt, svart humor.
Når mor spyttar på far
Risten kjem til verda i ei samisk bygd midt på 1970-talet. Dette miljøet var idémessig fastklemt mellom gamal samisk tru og overtru og dei skikkane som høyrde til, og den mest intolerante kristendommen sterkt inspirert av læstadianismen. Mor til Risten er opprørske, samiske Rhitta, far er norske Knut. Knut kjenner lidenskap for dei «intense» samiske kvinnene, kanskje fordi dette er eigenskapar han sjølv vantar.
Tvers gjennom denne soga er han ein heller unnvikande og diffus figur. Knut og Rhitta held saman nokre år, i eit ekteskap som ikkje akkurat er ein dans på roser (eller meir passande i denne konteksten: myrull). Rhittas intensitet grensar mot det brutale, men seinare skal det syne seg at heller ikkje Knut har heilt reint mjøl i posen.
Ingen av foreldra tar seg særleg av vesle Risten. Det blir Àhkku, bestemora som har både kvenske og samiske røter, som blir den tryggaste omsorgspersonen. Denne omsorga har likevel ei kritisk slagside. Àhkku er særs overtruisk og skremmer barnebarnet ganske grundig: Nordlyset er livsfarleg, og dei underjordiske kan når som helst kome og ta ein. Difor må ein alltid bere sylv. Bestemora utstyrer jentungen med sylvsmykke. Berre med dei på armen og hengande over senga tør Risten å sove.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.