Sylfrekk satireMichael Haneke hersar med den herskande klassen.DRAMA/SATIRERegi: Michael HanekeHappy End
Michael Haneke hersar med den herskande klassen.
Dei er kvite og rike. Distansen til den arabiske familien som jobbar på kjøkkenet, er diger.
Foto: Arthaus
Happy End følgjer ein fransk overklassefamilie av parodiske proporsjonar. Inn i familien kjem ein tolvåring som grunna livet med mora ikkje enno er heilt asosialisert frå samfunnet. Far hennar (Kassovitz) er ein fjott. Kona hans er støtt på nettet. Tanta (Huppert) driv berre bedrifta. Bestefaren (Trintingnant) huskar aldri kven ho er. Onkelen er eit utskot. Dei fleste møter verda med arrogant ignoranse.
Leiarar
Isabelle Huppert er sjølvsagt perfekt som distansert næringslivsleiar frå ein rik familie. Jean-Louis Trintignant viser komiske kvalitetar som dement bestefar. Unge Fantine Harduin imponerer som smart tolvåring. Ho observerer dei andre og er tvillaust den ein sympatiserer med. At ho skal la seg leie av resten, heng ikkje på greip. Eliten i Europa verkar nyte perfeksjonen til sivilisasjonen sin på dekket av ein kontinental «Titanic».
Ei scene der feirande fiff blir vitja av utanforståande som stiller dei i dårlig ljos, har likskap med klimakset i The Square av Ruben Östlund. Scena til Haneke er mindre storslagen og symbolsk, men morosam og effektiv. Det kan sjå ut som om den stive eliten aldri har sett afrikanske menn før.
Kald, kaldare
Varmen frå Amour er vekk. Austerrikaren er heller tilbake i kulden frå Funny Games. Vi følgjer ikkje ein fengslande figur som i Pianolærerinnen, der Huppert fekk utfalda seg for fullt. Her får vi korte klipp frå liva til dei ulike familiemedlemmane. Figurane er karikerte. Haneke tek satiren langt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.