Musikk
Sydlansk søte
Kven var Giovanni Hoffmann?
Mandolinist på eit måleri (utsnitt) av Herman-Maurice Cossmann (1821–1890).
Giovanni Hoffmann veit me fint lite om. Etternamnet er jo typisk tysk og førenamnet truleg ei italienisering av Johann. «Johann Hoffmann», altså – det er om lag like vanleg i Tyskland og Austerrike som «Ole Hansen» eller «Hans Olsen» i Noreg.
Difor har ikkje musikkhistorikarane klart å identifisera han sikkert. Men me veit at ein mandolinist ved namn Hoffmann var aktiv i Wien kring 1800, der han fekk prenta duettar, trioar og kvartettar med mandolin, og ein mandolinkonsert. Komposisjonsteknisk er stykka temmeleg enkle. Solistparten er derimot krevjande å spela. Hoffmann må altså ha vore virtuos.
Karakteristisk
Mandolinvirtuosar var ikkje sjeldsynte på slutten av 1700- og byrjinga av 1800-talet, særleg i Wien, der dei underheldt høgborgarskapen og adelen. I dag er dei oftast namnlause. Dette er jo ein typisk lagnad for virtuosar: I livet var dei større stjerner enn komponistane, men i døden svann gjetordet fort bort.
Mandolinen var elles eit typisk «karakterinstrument» som komponistane nytta for å kalla fram ei spesiell stemning, særleg i operaer. Eit kjent døme finn me i Mozarts Don Giovanni, i arien «Deh, vieni alla finestra» (Å, kom til vindauget), der helten kurtiserer Donna Elvira med ein mandolinakkompagnert kjærleiksserenade. Dette landlege og smeikjande sydlandske sit som klistra til mandolinen, mest uansett kva som blir spelt.
Pizzicati
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.