Sveve over parketten
Ein ny serie går i detalj om Michael Jordan og Chicago Bulls. Nostalgisk gåsehud skyt i vêret.
Michael Jordan feirar NBA-sigeren i 1998 saman med lagkameratane.
Foto frå dokumentarfilmen
Den idrettsretta fjernsynskanalen ESPN frå USA har produsert ein dokumentarserie på ti episodar om Chicago Bulls frå sesongen 1997–98, som Netflix no presenterer som sin original. Då den elles veltalande skarpskyttaren Steve Kerr blir spurd om kva som var unikt med det laget, svarar han: «Eeeh, vi har Michael Jordan.»
Full effekt
Sist eg var i USA, var det ei pilegrimsreise i 1998 for å sjå Michael Jordan spele i sin siste sesong for Chicago Bulls, i ei tid då eg var sjukleg oppslukt av Jordan, Bulls og basketball. Effekten er sterk av usett materiale frå den sesongen, grundige oppveksthistorier om heltane og ferske intervju med dei sentrale aktørane. Jordan er framleis smart og sjarmerande. Han er sjølvsagt i sentrum, men i den andre episoden av dei to som kom denne veka, får Scottie Pippen fortent fokus. Idrettshistoria har neppe sett ein betre støttespelar.
Rabagasten Dennis Rodman har òg teke seg fri frå fraternisering med Kim Jung-un. Meir perifere personar som Barack Obama og Bill Clinton får skyta inn nokre ord om heltar frå heimtrakter. Bad guy er avlidne dagleg leiar Jerry Krause, som ville rasere laget og byggje nytt for profitt. Mellom mannfolka som deler minna sine, er den filosofisk disponerte trenaren Phil Jackson ein fryd å høyre igjen. Scenene frå parketten vekkjer så klart størst kjensler. Som ei dame i publikum seier:
– Jordan er poesi i rørsle.
Grundig glorie
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.