Musikk

Sveve over flygebilmotorvegane

Lydsporet til VR-spelet Runner er eit herleg harry stykke syntetisk programmusikk.

Publisert Sist oppdatert

Duoen Fat Bard har laga musikk til ei rekke indiespel, og Runner Ost er lydsporet til eit retrofuturistisk spel i virtuell røynd. Tittelen viser til filmen Blade Runner med sitt klassiske svulmande og storslåtte lydspor signert den greske analogsynthesizerlegenda Vangelis, og på Runner Ost står slik syntetisk sci-fi-nostalgi på agendaen.

«Main Theme» er tufta på ei blanding av synthmusikk à la kultfilmskaparen John Carpenter og overdådig anime-musikk (med god hjelp frå den japanske vokalisten Itoki Hana). Motiv frå dette opningssporet går att som leiemotiv gjennom albumet, og det heile er i grunnen heller fengjande og medrivande. Iallfall for den som ikkje synest kombinasjonen av 80-tals power metal-gitarspel, spinnville soloar framførte med uhemma gamalsynthlydar og elektroniske trommer frå urtida blir for cheesy.

Og harry kan denne musikken sanneleg kallast, men dersom ein kan late fantasien bli riven med på turen gjennom neonlyste bakgater og sveve over flygebilmotorvegane på maskingenererte lydbølgjer, har ein her eit forfriskande stykke programmusikk ikkje ulikt Jeff Waynes kultklassiske konseptalbum War of the Worlds. Eg oppdaga albumet under utforsking av virtuell røynd-biblioteket til dei nye Playstation 5-VR-brillene: Spelet Runner kjem nemleg med ein visualizer (i Windows 95- og tidleg MP3-era-stil) som bonusmateriale – eit program som omsluttar lyttaren med psykedeliske skjermspararliknande geometriske strukturar som endrar seg ut frå dynamikken i lydbølgjene.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement