Film

Sveve over Budapest

Overnaturlege element flettar seg saman med flyktningkritikk – og ein heil del anna – i Jupiters måne.

Arjan kan flyge.
Arjan kan flyge.
Publisert

Det står ikkje på ambisjonsnivået i Jupiters måne, ei visuell bragd av ein film, som også tar opp i seg tema som religion, politikk og overjordiske fenomen. Scena der eit husvære blir vendt 360 grader rundt, medan hovudpersonen Arjan (Jéger) kontrollerer tyngdekrafta, er nok til å ta pusten frå deg. I løpet av filmen er det fleire slike ta-pusten-frå-deg-scener, der kameraarbeid og estetiske visjonar går opp i ei høgare eining – bokstaveleg tala. Arjan kan nemleg flyge. Dette overnaturlege aspektet flettar seg saman med ei sosialrealistisk skildring av livet som flyktning i Europa i dag.

Kort fortald graviterer historia rundt ein flyktning, Arjan, som blir skoten og tilsynelatande drepen av ein ungarsk politimann. Men Arjan døyr ikkje av skota; snarare stig han til vêrs. Ein himmelfallen lege, doktor Stern (Cserhalmi), ser sitt snitt til å kapitalisere på Arjan og ber han om å bli med på pasientvitjingar. Her fungerer Arjan som ein slags (døds)engel, ein som kan bestemme over liv og død.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement